Tokyo lanserer datingapp for single innbyggjarar

Appen er eitt av fleire forsøk for å auke fødselstala til japanarar.

Åshild Slåen
Publisert

Byrådet i Tokyo gjer det dei kan for å sørgje for at dei einslege innbyggjarane sine skal finne den rette. Førre torsdag stadfesta dei at dei lanserer ein datingapp som skal bli tilgjengeleg i løpet av året.

Med datingappen håpar hovudstaden dei kan hjelpe med å direkte kople saman menneske.

Dei siste åra har både ekteskap og mengda fødslar gått drastisk ned i Japan. I 2023 var det under 475 000 par som gifta seg, godt under dei 504 000 para som gifta seg i 2022. Same år vart det fødd litt over 727 000 barn, ned frå over 770 000 i 2022.

Hovudstaden Tokyo har flest ugifte 50-åringar i heile landet, ifølgje The Asahi Shimbun. Det vart fødd 90 000 barn i byen i 2022. Det er 15 prosent mindre enn for eit tiår sidan.

Samstundes seier ei undersøking frå styresmaktene at over 67 prosent av einslege som ønsker å gifte seg ikkje aktivt ser etter ein partnar.

På eit nasjonalt nivå har Japan gjort fleire ting for å oppmode folk til å få barn. Dei har styrkt barnehagar og lova meir pengar til dei som får barn. I tillegg har dei letta på dei strenge lovene sine mot innvandring.

Den japanske hovudstaden har allereie brukt 13 millionar norske kroner på appen.