Norsk Målungdom etterlyser nynorsk naudvarsel

Naudvarselet kom berre på bokmål og engelsk i dag, trass i at det også kom på nynorsk i januar. Det var bevisst frå DSB.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Naudvarselet ular, men ikkje på nynorsk! skriv påtroppande leiar i Norsk Målungdom, Sebastian Natvik, i ein sms til Framtida.no.

Den norske befolkninga var åtvara via media om at naudvarselssystemet skulle testast onsdag 12. juni klokka 12.00.

Nynorsk naudvarsel i januar

I januar jubla Noregs Mållag over at dei vart tekne på alvor med varsel på både nynorsk og bokmål i varselmeldingane som vart sende ut. 

På denne tida i fjor var tonen ein annan og mållagsleiaren kalla naudvarselet ei krasjlanding.

Framtida.no plukkar opp telefonen og ringer påtroppande målungdomsleiar Sebastian Natvik for ein kommentar:

Sebastian Natvik i Norsk Målungdom er skuffa over at dei på ny må klaga på manglande naudvarsel på nynorsk. | Foto: Norsk Målungdom

– Eg tenkjer at det er veldig flaut, seier han.

Han peikar på at det i januar såg ut til at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) hadde lært av første varsling, som berre kom på bokmål og engelsk, men at det no tydelegvis har skjedd ein alvorleg feil hjå direktoratet.

– Det er ikkje første gong det skjer. Me er ikkje overraska, men det er litt slitsamt at kvar gong det skjer så tek me kampen, spesielt når dei har fått det til tidlegare, understrekar Natvik.

– Det er viktig

Denne gongen kom naudvarselet på norske telefonskjermar på bokmål, før nokon fekk meldinga òg på engelsk. Ingen Framtida.no kjenner til har fått varselet på nynorsk.

Norsk Målungdom meiner dette ekskluderer 600 000 språkbrukarar.

– Du seier det er flautt, men er det viktig?

– Det er viktig, for så lenge Noreg har to offisielle skriftspråk, så kan ein rekna med at noko så avgjerande og viktig for vernebuinga kjem på begge skriftspråk, seier Natvik.

Sebastian Natvik var ein av dei som ikkje fekk naudvarselet på målforma si. | Foto: Norsk Målungdom

Her må journalisten avbryta Natvik og få forklart at vernebuing er eit anna ord for beredskap, som òg er lov på nynorsk.

– No er skaden skjedd, og det er ikkje berre å senda ut eit nytt varsel, men direktoratet bør ta lærdom, for det er ikkje me som skal koma og retta kvar gong, seier ein skuffa Natvik.

Natvik understrekar at nynorskbrukarar forstår meldinga som vart sendt ut, men meiner at dei ikkje vert tekne heilt på alvor.

– Det berre understrekar det ryktet nynorsk har om at ein er andrerangs.

«HUGS NYNORSK»

Etter å ha snakka med Framtida.no på telefon sender Norsk Målungdom ut ei varsla pressemelding på e-post.

– Direktoratet burde ha ein «Post-it»-lapp med «HUGS NYNORSK» ved sida av den store raude knappen dei brukar til å senda varselet, uttalar Natvik i pressemeldinga.

Når Framtida.no kontaktar pressevakta til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) for å høyra korleis feilen kunne skje igjen, får me til svar at dei no evaluerer kva som har skjedd og vil senda ut ei pressemelding om kort tid.

Valde éi målform

I pressemeldinga skriv DSB at dei bevisst sende ut den norske meldinga med tekst på éi målform, som var bokmål.

«Dette for å teste systemet slik det normalt brukes. Hovedhensikten med Nødvarsel er å nå raskest mulig ut til flest mulig som befinner seg i et fareområde i en akutt og alvorlig situasjon, med tydelig informasjon på et språk de kan forstå slik at de selv kan iverksette tiltak for å beskytte seg.»

DSB skriv vidare at dei har fått tilbakemeldingar om at det har vore variasjon i om brukarane har fått varselet på norsk, engelsk, eller begge språk.

«Dette ser vi nærmare på saman med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) og mobiloperatørane.»