Forfattaren har latt seg inspirere av den dansk-norske kolonihistoria på St Croix og ser føre seg Barry Keoghan i rolla som byfogd Engebret Hesselberg.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg prøver å lesa utanfor komfortsona mi så ofte som mogleg, men kjem alltid tilbake til skrekk og magisk realisme.

Det skriv forfattar Marjam Idriss i ein epost til Framtida.no.

32-åringen frå Jæren har fått gode kritikkar for sin nyaste roman Halvt. Romanen handlar om Inge(borg) som er halvt norsk og halvt karibisk og vert med Equinor som mangfaldskonsulent til den tidlegare dansk-norske kolonien St. Croix i Karibia. Her har har ho òg ei mor ho ikkje har sett på femten år.

Marjam Idriss

Alder: 32

Frå: Sola/Tananger, Rogaland.

Utdanning: Utdanna litteraturvitar med master i engelsk mellomalderlitteratur

Yrke: Antikvar bokhandlar, men akkurat no litterær frilansar på heiltid.

Kor mykje les du sjølv? Heile tida, men eg har aldri ført noko rekneskap på det, dessverre.

 

Det er ei skildring av familierelasjonar, oljedrift, kulturkollisjon og rasisme, men det er òg ei historie om slavedrift i koloniane inspirert av nedteikningane frå den norske byfogden Engebret Hesselberg.

Om nokon av bøkene hennar skulle bli filmatisert ser Marjam Idriss føre det irske stjerneskotet Barry Keoghan som Engebret.

Me har teke ein kikk i bokhylla til forfattaren. Les fleire bokhyller her!

Les heile tida

Idriss er utdanna litteraturvitar og har i fleire år jobba som antikvar bokhandlar i London.

I tillegg til å skriva eigne romanar har Idriss omsett norske Jenny Hval til engelsk og fleire engelskspråklege forfattarar til norsk, mellom anna diktet Amanda Gorman las under innsetjinga av president Joe Biden.

Idriss forklarar at ho les heile tida og aller helst på tog, på sofaen, på biblioteket eller i sola.

– Eg har akkurat fullført Boyhood av J. M. Coetzee og ventar på at Kjevebein av Mónica Ojeda skal komma i posten.

Engasjerande King-klassikarar

– Eg blir tiltrekt av bøker som inspirerer meg. Det er ikkje alltid bøker som er «gode». Bøker der alt sit på plass har eg liksom ikkje nok rom til å slå ut med armane, forklarar Idriss.

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Å! Nei, ver så snill. Bøkene eg elskar, men ikkje skreiv, er eg så glad for at eg fekk lesa! Viss eg skreiv dei hadde eg ikkje fått lesa dei og då hadde magien forsvunne. Kva om eg ikkje hadde skrive dei like bra?

– Kva bok eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Stephen King! Han har skrive mykje kjedeleg, men klassikarane engasjerer meg framleis. Eg trur kanskje problemet hans er at han skriv litt for mykje? Då blir det liksom ikkje ei like stor hending?

Tenåringsskrekk

Som liten las mora mykje for ho, og dei mest minneverdige opplevingane var nok Roald Dahl og Astrid Lindgren.

– Kva gjorde inntrykk i tenåra?

– Då var eg veldig besett av skrekk. Tenk H. P. Lovecraft, Edgar Allan Poe og Bram Stoker, Robert Louis Stevenson, og så vidare.

– Kva bokkarakter kjenner du deg igjen i?

– Det kjem eg ikkje til å innrømma her. Sorry! Eg skammar meg alltid når eg kjenner meg igjen i bøker. Kvifor det er tilfelle får eg spørja ein psykolog om ein gong…

Bjørneboe for livet

– Kva forfattar, daud eller levande, ville du invitert på middag?

– Elisabethanske Thomas Nashe! Det trur eg ville vorte ein bra kveld. Han skreiv dramatikk òg, så han var nok litt meir sosial enn forfattarar flest.

– Om du berre kunne lesa bøker frå ein forfattar resten av livet ditt – kva forfattar?

– Det trur eg må bli Bjørneboe.