Ungdom dreg til legen oftare enn for ti år sidan

Noko av grunnen kan vere fråværsgrensa.

NPK-NTB
Publisert

Dei siste ti åra har det vore ein sterk vekst i fastlegekonsultasjonar blant ungdom mellom 15 og 19 år. I 2023 låg bruken 53 prosent over nivået i 2013.

Ein av periodane med særleg sterk oppgang – åra 2016 og 2017 – fall saman med innføringa av fråværsregelen i vidaregåande skule, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Regelen innebar krav til dokumentasjon for å få godkjent sjukefråvær. Ved starten av pandemien i 2020 fall regelen bort.

– Dette året ser vi ein klar nedgang, før det er ein stor oppgang ved gjeninnføringa på starten av skuleåret 2022/2023, skriv SSB.

I fjor var det samla talet konsultasjonar hos fastlege 16,9 millionar.

Auken på om lag 90.000 frå 2022 var mindre enn året før, men gjennomsnittet per innbyggjar har lege omtrent uendra på 3,0 frå og med 2021.

I grunnskulealder har jenter og gutar stort sett like mange konsultasjonar, medan jenter i alderen 16 til 19 år har betydeleg fleire. I fjor hadde gutane i snitt 1,9 konsultasjonar, medan jentene hadde 3,0.

Ein del konsultasjonar hos ungdomsjentene kjem av behov for prevensjon, men desse utgjer langt frå heile forskjellen mellom kjønna. Luftvegsinfeksjonar og fordøyingsplager, og dessutan astma og allergi er dei vanlegaste diagnosane blant unge.