Marte Hansen Haugan attvald som Changemaker-leiar – ut mot norsk våpeneksport

I tillegg til val av ny leiargruppe, vedtok organisasjonen å halde fram kampen mot norsk våpeneksport til autoritære og krigførande regime.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Vi har lenge sagt at det er fare for at norske våpen endar opp i hendene på autoritære og krigførande regime. No ser vi at Israel brukar norske våpen for å drepe sivile palestinarar i Gaza. Dette kan vi ikkje akseptere, seier Marte Hansen Haugan i ei pressemelding.

Under helgas årssamling vart det klart at ho held fram som leiar for Changemaker, Kirkens Nødhjelp sin ungdomsorganisasjon.

Med seg på laget får ho Anette Paulsberg og Ragnhild Bergli som nestleiarar. Den nye leiargruppa krev at norske våpenprodusentar tar ansvar for kor våpena deira hamnar.

Ragnhild Bergli og Anette Paulsberg er nye nestleiarar i Changemaker. Foto: Changemaker

– Det er rein ansvarsfråskriving når norske våpenprodusentar seier at dei ikkje kan gjere noko for å hindre at våpena deira blir selde til Israel, uttalar Paulsberg.

– På seks månader har Israel drepe over 30 000 menneske, der omtrent halvparten er barn. Det er uhaldbart at Noreg står og ser på at norske våpen blir brukte i denne nedslaktinga, seier Bergli.