– Politikk blir mykje meir spennande og viktig når me får stemma

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her får 16-åringane stemma

Ine Rysjedal, Thomas Sivertsen, Amalie Bjørhovde Myrvoll og Mathilde Bjørkelund er blant dei få heldige under 18 år som får lov til å stemma i valet på måndag 14. september. Heimkommunen deira Austevoll er ein av 20 kommunar som har eit forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar no i haust.

Thomas Sivertsen er elev ved Fitjar vidaregåande skule og har allereie bestemt seg for kva han skal stemma. Skuledebatten han var med på gav ikkje det beste inntrykket av nokre av partia.

– Det var ofte nedsnakking av andre parti. Det synest eg er barnsleg. Eg fekk ikkje lyst til å stemma på dei som snakka ned andre, seier han. Han fortel at Frp-representanten kasta kort med YOLO og løgn medan dei andre i panelet snakka. Det likte han ikkje.

LES OGSÅ:Slutten på demokratiet?

– Er medelevane dine frå Fitjar misunnelege på deg, som får lov til å stemma?

– Eg trur ikkje det. Eller kanskje litt. Men dei slepp å setja seg skikkeleg inn i det. Men på den andre sida: Politikk blir mykje meir spennande og viktig for oss når me får stemma.

Vil ikkje bli bergensar
Amalie Bjørhovde Myrvoll synest kommunesamanslåing er ei viktig sak.

– Eg vil ikkje vera bergensar, slår ho fast.

Thomas Sivertsen synest innvandring er ei viktig sak, og synest me kan ta i mot fleire flyktningar. Han synest òg buss og ferjer er ei viktig sak, sidan han pendlar til nabokommunen for å gå på skule.

– Og så synest eg me burde fått nattbuss, seier han.

For Amalie Bjørhovde Myrvoll er trygge vegar ei viktig sak.

– Det er livsfarleg å gå på tur her. Me må få betre vegar, ikkje større fart, seier ho.

LES OGSÅ:Er grensa på 18 år katastrofal?

Vil engasjera seg
Ikkje alle av ungdommane hadde ikkje bestemt seg for kven dei skal stemma på då Framtida.no snakka med dei:

– Eg vil lesa meg opp, seier Ine Rysjedal.

– Eg fekk mykje info i skuledebatten, men eg vil lesa meg opp meir, seier Amalie Bjørhovde Myrvoll.

Mathilde Bjørkelund synest òg det var bra å få snakka med nokre av politikarane etter skulevalet.

– Kunne de tenkt dykk å engasjera dykk i noko parti, då?

– Ja, eg vil engasjera meg så mykje som eg kan.

– No har me sjansen til å få stemma vår høyrt i politikken, seier Thomas Sivertsen. Han kunne sjølv tenkt seg å bli med i AUF.

– Diskuterer de politikk utanom skulen, berre med vener?

– Ja, me diskuterer det litt. Spesielt sidan me får lov til å stemma no. Me er ikkje så uansvarlege, seier Amalie Bjørhovde Myrvoll.

PRØV PARTITESTEN VÅR!

Kva meiner du? Er 16 og 17-åringar vaksne nok til å stemme?

Faktaboks

Her er kommunane med stemmerett for 16- og 17-åringar:

Austevoll
Eid
Gausdal
Hamar
Horten

Klæbu
Kautokeino
Kristiansund
Lillesand
Luster
Mandal
Marker
Målselv
Namdalseid
Oppegård
Porsgrunn
Stavanger
Tysfjord
Vadsø