Ytringsfridom for alle?

På laurdagens Samfundsmøte blei ytringsfridomens mørke sider tatt opp til debatt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Her til lands blir fri meiningsutveksling sett på som ei sjølvfølge, men slik er det ikkje alle andre stader i verda, hevda innleggarane.

Tor Arne Alseth, avdelingsleiar for FN-sambandet sitt distriktskontor i Trøndelag, starta møtet med å snakke om organiseringa av FN og arbeidet dei gjer for å avverje brot på menneskerettar. Han trakk fram tilstanden i land som Syria og Iran, der situasjonen for ytringsfridom er håplaus.

– I Iran sit politiske fangar isolert, ofte blir advokatane arrestert og familiane til fangane truga på livet. 42 journalistar sit fengsla og over 150 rømde landet då det vart klart at president Mahmoud Ahmadinejad blei atvald i 2009, seier Alseth.

Risikabelt feltarbeid
Journalist Sidsel Wold, som har jobba som utanrikskorrespondent for NRK i ei årrekkje, kunne fortelje dei frammøtte i Storsalen om hennar opplevingar ute i felten. Noko som gjorde spesielt inntrykk på henne var då ho vitja ein av basane til opprørssoldatane i Syria. Her intervjua ho ein krigsfange som ifølge opprørarane var ein del av den berykta Shabiha-militsen.

– Guten må ha vore i slutten av tenåra og det var svært tydelig at han var livredd. Eg var redd for at dei skulle drepe han på staden, om han gjorde noko overilt, seier Wold.

Vidare fortalte ho om kor vanskelig det er å få kjelder til å uttala seg i konfliktfylte områder.

– Då eg vitja Iran etter presidentvalet i 2009 var det omtrent umogleg å få folk til å snakke. Om eg fekk kjelder, turte dei ikkje snakke høgt. Dei skreiv ned det dei ville seie på lappar eller skrudde på høg musikk eller støvsugaren for ikkje å bli overhøyrde, seier ho.

LES OGSÅ: Færre land avrettar fleire

Fokus på det positive
Leiar i Amnesty International Norge, Jon Peder Egenæs, opna sitt innlegg med å fortelje om aksjonen dei har hatt mot dødsstraff i Gambia. President Yahya Jammeh uttalte ved slutten av årets ramadan at alle dødsdømte fangar i landet skulle vere henretta innan slutten av september. Ni av fangane er allereie drept, men Jammeh har no gått med på å avvente å henrette dei resterande 38.

– Det er svært viktig å legge fokus på den positive utviklinga. Ofte er alt eg seier om land negativt ladd og det får dei til å framstå som helvete på jord, seier Egenæs.

LES OGSÅ: Står opp mot urett

Økonomi og makt set dagsorden
I innlegga blei det fokusert mykje på tilstanden i Iran, men under debatten kom det óg fram kor mykje pengar og politikk styrer fokuset på saker om menneskerettar.

I Saudi-Arabia er undertrykkinga av ytringsfridomen nesten verre enn i Iran og andre land i Midtausten. Desse forholda kjem ikkje i fokus mykje grunna Saudia-Arabia sitt nære forhold til Vesten og USA, som verdas største oljeeksportør.

– Det er eit grelt sprik mellom fokuset på Saudi-Arabia og Iran. Kongedømmet i Saudi-Arabia er pill råte, seier Wold.

Dei tre innleggarane var einige i at det finnes ei grense for ytringsfridom. Etter bråket rundt Muhammed-filmane kan det diskuterast om all ytringsfridom burde tolererast, spesielt når det kan setje andre menneskjer sitt liv på spel, hevdar dei.

– Det er svært viktig å respektere noko som er heilagt for andre, seier Wold.

Engasjer deg!
I undertrykka land er det ofte studentar og akademikarar som står sentralt i demonstrasjonar, då dei har overskot og kunnskap. Derfor er det også desse som blir stoppa og arrestert først, som til dømes i Burma i 1988, Beijing i 1989 og Iran i 2009.

Egenæs meinar likevel det er viktig å engasjere seg og ikkje overlate problema til politikarane. Det er viktig å vise kva som er galt, slik kan ein vekke ei form for harme blant folk, men óg vise at det er mogleg å gjere noko med det.

– Dette er forjævlig, men du kan faktisk gjere noko med det, seier Egenæs.

Les saka i Under Dusken!