Vil kutta sidemål frå eksamen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forum for norskfaget tilrår ifølgje VG at det blir innført ein ny norskkarakter som erstattar dagens karakterar i hovudmål, sidemål og munnleg norsk. Det skal difor heller ikkje haldast nokon eigen eksamen i sidemål for avgangselevane. I staden skal kunnskapane til alle elevane i sidemål testast i ein eksamen etter andre trinn.

Grunngjevinga for forslaget skal vera å stimulera til meir heilskapleg norskopplæring, og at mykje skuletid i dag går vekk til å skaffa karaktergrunnlag for tre ulike norskdisiplinar.

Frykt og tvil
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) er usikker på kva ho vil gjera med norskkarakteren.

– Me går no gjennom læreplanen for norskfaget. Det er i dag eit svært krevjande fag med tre karakterar. Det er avgjerande viktig å ha gode norskkunnskapar. Men det er heilt tydeleg at mange elevar slit når sidemålet er nynorsk, seier ho til VG.

LES OGSÅ: Er valfritt sidemål drepen for nynorsken?

Leiar Janne Nygård i Noregs Målungdom fryktar at nynorsk vil bli endå meir nedprioritert i undervisinga utan eigen karakter. Òg Noregs Mållag er skeptisk, ifølgje artikkelen i papir-VG som er skrive på nynorsk.

Kva meiner du? Er det nok med éin karakter i norsk?