Vil ha meir språk i skulen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landsmøtet til Venstre vil at sidemål i større grad skal integrerast i andre skulefag enn norskfaget. 

– Slik vil elevene bli eksponert for begge målformer gjennom heile skulegangen. Venstre vil også vurdera å innføra sidemålsundervising tidligare i utdanningsløpet enn på ungdomstrinnet, heiter det i ei uttale frå landsmøtet som føregjekk på Fornebu i helga.

Dei ønskjer òg at sidemålsopplæring framleis skal vera ein del av norskfaget og halda på eigen karakter i sidemål. 

Fleire språk
Landsmøtet meiner elevane må få tilbod om undervising i langt fleire språk enn i dag. Globalisering, internasjonal handel og internasjonalt samarbeid gjer at norske elevar må få fleire høve til å velja, også til undervising i ikkje-europeiske språk.

Venstre vil innføra obligatorisk 2. framandspråk som fag frå og med 5. klasse i grunnskulen.

Ønskjer borgarleg regjering
Venstre vedtok òg å samtala med dei andre opposisjonspartia for å få etablert ein ny grøn, borgarleg regjering viss valet gjev eit borgarleg fleirtal.

– Me garanterer berre for Venstre sin politikk. Ei stemme på oss, er ei stemme på Venstre og vår politikk, sa Trine Skei Grande då landsmøtet diskuterte samarbeidsspørsmålet mot 2013.

Både Høgre og Framstegspartiet har valfritt sidemål i partiprogramma sine, medan Høgre er samde med Venstre i tidlegare obligatorisk andre framandspråk.