Vil alltid jobbe for at kyrkja skal vere eit ope hus

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vurderte å gi opp draumen

Ho hadde blitt tilsett som sokneprest i Sandøy, men biskop Ingeborg Midttømme gjekk offentleg ut og sa at ho ikkje kom til å ordinere henne, på grunn av at ho skulle gifte seg med ei kvinne. Då det enda med at Midttømme opna for at ein annan biskop kunne ordinere Frostlid, takka ho til slutt nei til jobben.

LES SAKA: Tilset ikkje homofile prestar

– Eg måtte takke nei. Etter alt mediekøyret og konflikta var eg heilt utkøyrd. Eg vurderte faktisk å gi opp heile prestedraumen, og då forstod eg at eg berre måtte få ro med meg sjølv og mi dåverande trulova. Men det er framleis sårt å snakke om Sandøy. Eg tenker mykje på det vesle øysamfunnet utanfor Romsdalen, seier ho.

Frostlid vart i staden ordinert av biskop Per Arne Dahl, då ho var vikarprest i Buskerud. Då hadde ho også opplevd å bli slått til av ei eldre kvinne på gata, på grunn av legninga si.

– Det siste året har vore innhaldsrikt, komplekst og som ei kjenslemessig og opplevingsmessig berg- og dalbane. Det er nesten som om eg sjølv ikkje har klart å henge med i svingane. Det var mange mørke stunder, der eg kjente på håpløyse og sorg, over mine eigne og andre sine handlingar. Men det var også mange fine stunder, kor eg kjente på kjærleik frå menneske som betyr uendeleg mykje for meg. Så alt i alt har det siste året vore livet slik det er.

LES OGSÅ: Stor vekst i unge personleg kristne

Chattevert for unge skeive

Ho har også brukt året på å vere chattevert på Youchat, helseutvalet si chatteteneste for unge skeive, der dei blir møtt av andre unge.

– Samtalene med unge skeive som har kome med små og store, ofte eksistensielle problemstillingar, har utvida perspektivet mitt på samfunnet vi lever i. Det var sterkt å føle på tilliten frå dei som tok kontakt med oss. Dei valde å stille flaue og vanskelege spørsmål, og fortalte både om fine og smertefulle ting dei ber på, fortel Frostlid.

Prosjekt som Youchat er heilt nødvendig, meiner ho.

– Historia vår ligg der, med forteljingar om diskriminering og smertefull behandling av skeive i fleire århundrer. Sjølv om vi i Noreg i dag lever i eit samfunn der homofili er akseptert og rettigheitene har blitt fleire, møter vi framleis på fordommar og vondskap fordi vi er dei vi er.

– Ikkje minst er det viktig at vi i mellom anna barnehagar og skular beveger oss utanfor det heteronormative og legg til rette for å vise at samfunnet er så utruleg mykje meir mangfaldig. Det heteronormative er ikkje det sjølvsagte, og det må vi lære våre barn, legg ho til.

LES OGSÅ: Teologistudent vil ta knekken på homodiskriminering

Ungdom endrar samfunnet

Den unge presten likar å arbeide med ungdom, og håpar det er noko ho alltid får gjere.

– Overgangen mellom å vere barn og vaksen er ei spanande og fascinerande tid. Vegen frå å vere ganske barnleg til å verkeleg slå til med kloke refleksjonar er så kort. Eg trur også på at det er ungdomen som både tør, kan og vil utfordre samfunnet til å gjere nødvendige endringar. Det er ungdom som får oss til å behandle kloden vår og våre  medmenneske med respekt.

No har Frostlid fått det ho skildrar som draumejobben som prest ved sjømannskyrkja i Miami, der ho berre har vore eit par veker saman med kona Sigrunn.

– Det kjennest uverkeleg, men likevel så verkeleg på same tid. Det er vanskeleg å forklare, men det er ei lykke eg ikkje har kjent på før.

– Korleis ser arbeidsdagen ut?

– Arbeidet er mykje det same som i ein prestejobb heime i Noreg, og går ut på å møte menneske i kvardag, høgtid og kriser med medmenneskelegheit og nestekjærleik, med Jesus som førebilete. Det som er så fint med sjømannskyrkja er at vi også får gjere det med vaflar!

Frostlid fortel at velkomsten i Miami har vore over all forventning.

– Vi får stadig høyre at Sjømannskyrkja og den norske kolonien har venta sånn på oss, og sett fram til at vi skulle komme. Det set Sigrunn og eg stor pris på å høyre, og vi kjenner at her skal det bli fint å bu.

LES OGSÅ: Melder seg ut av Presteforeningen i protest

Kristne samfunn slepp unna

– Korleis er det å vere ung prest i dag?

Å vere prest i dag er kontrastfylt. Dette blir berre forsterka av å vere ung. Vi har vår livserfaring, men vi møter menneske som har levd mykje lenger enn oss, og dermed er ein heilt annan stad i livet. Eg tenker at ein uansett alder bør vere audmjuk, både ovanfor tenesta ein står i, og menneska ein tener. I tillegg er det aldri feil å spørje eldre prestar om tips og råd på vegen.

Frostlid er optimistisk for framtida til Den norske kyrkja.

– Eg både håpar og trur at vi er på rett veg. No handlar det om å fortsette med den positive utviklinga, og prøve endå hardare å unngå diskrimineringa som skjer mellom anna ved tilsettinga av skeive prestar. Ikkje minst må vi få til ein debatt om korleis andre kristne samfunn stiller seg til LHBTQ-feltet. Dei har sleppt altfor lett unna til no, og burde ikkje få gøyme seg i sitt eige konservative hjørne.

Sjølv seier ho at ho aldri vil slutte å arbeide for at kyrkja skal vere eit ope hus der ein kan møte menneske med kjærleik, respekt og toleranse.

– Kva vil du seie til unge kristne og andre som slit med tankar rundt legninga si?

– Fine deg, du er den du er; eit menneske med uendeleg verdi. Hugs at du ikkje er aleine, vi er fleire, og vi heiar på kvarandre. Det går an å leve eit godt liv sjølv om ein er litt skeiv både her og der. Finn fred i deg sjølv, og styrken du har til å leve livet. Eg har trua på deg.

LES OGSÅ: Likestillingsombodet er uroleg for elevar på kristne skular