Verdas viktigaste bok lærer born om sex og grensesetting
– Denne boka er ei gåvepakke, meiner medredaktør.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ny bok lærer unge om sex og onani
I ordskiftet som blussa opp etter frikjenninga av dei tiltalte i Hemsedalssaka, var det mange som stilte spørsmål ved rettstryggleiken til kvinner. Like mange stilte det viktige spørsmålet: Korleis skal vi førebygge at overgrep skjer?
Rett til informasjon
Onsdag 24. august lanserer Samlaget Verdas viktigaste bok skrive av svenske Nathalie Simonsson.
Boka, som først vart lansert i Sverige i 2012 i samarbeid med RFSU (Riksförbundet för sexuell upplysning), er skrive for barn frå 9 år og oppover. Boka er omsett til norsk av Ingelin Røssland.
Janne Nygård (bildet) er medredaktør for den norske omsetjinga av boka og redaksjonssekretær hos Samlaget. Ho meiner det er avgjerande at born og ungdom lærer å kjenne på sine eigne grenser, og at det er heilt innanfor å seie tydeleg nei om nokon vil ha dei med på noko dei ikkje vil.
– Born har krav på informasjon om kropp, kjensler og eigne rettar. Det er dei vaksne sitt ansvar å formidle det, og strekkje seg etter å vere gode føredøme både i ord og handling. Men vi veit at mange vaksne kvir seg på å snakke med born om slike tema. Då er det viktig at det fins bøker som Verdas viktigaste bok.
Nygård trur at det å snakka med born om slike tema, på sikt vil vere med på å førebygge at overgrep skjer, og føra til at overgrep blir meldt ifrå om til vaksne og politiet.
LES OGSÅ: SU vil ha sexleiketøy på pensum
Kropp, kjensler og sex
Seksualopplysar Nathalie Simonsson (bildet) har i samband med bokutgjevinga halde foredrag om sex og samliv på mellomtrinnet og er oppteken av ei likestilt og normkritisk seksualundervisning, som famnar om alle kjønn, legningar, funksjonsnedsettingar og andre menneskelege variasjonar.
– Ved å snakke med born om kropp, kjensler og seksualitet ofte, syner vi at det ikkje er noko merkelig, hemmeleg eller feil. Det hjelper barnet til å unngå kjensla av skam og utryggleik. Vi må oppmuntre born til å stille spørsmål og å hjelpe dei til å setje ord på kjenslene sine. Det gjer det lettare for borna å setje grenser i framtida, fortelje oss kva dei ønskjer eller ikkje har lyst til å gjere og dei kjenner seg trygge på seg sjølv. Det gjer det også lettare å forstå andre menneske sine kjensler og grenser, seier den svenske seksualopplysaren.
LES OGSÅ: Her er namnet på kvinneleg onani
Skulen spelar ei viktig rolle
Redd Barna gav i 2015 ut ein rapport om kjønnsroller og samtykke. Rapporten «Den som er med på leken…» synte at elevane hadde for lite kunnskap om valdtekt og at både gutar og jenter ofte legg ansvaret på jenta når det skjer ei valdtekt.
Silje Berggrav, som var ansvarleg for rapporten, uttala at særleg skulane må bli flinkare til å snakke om relasjonar og grensesetting. Det er Simonsson einig i.
– På skulen er vi alle like. Det betyr at alle born får den same omfattande kunnskap. Kunnskap om og perspektiv på kropp, kjønn, normer, rettar, personvern, kjensler, relasjonar og seksualitet passer i mange skulefag. Born lærer om kropp og seksualitet på ulike måtar i samfunnet, ikkje minst på internett. Men dei er sjeldan målgruppa for den informasjonen dei finner. Undervisning på skulen gi dei skreddarsydd informasjon og dei får moglegheita til å få svar på spørsmåla sine og diskutere vanskelege saker.
LES OGSÅ: Slikking = skam?
Stor behov for å diskutere
I arbeidet med Verdas viktigaste bok snakka Simonsson med fleire born for å finne ut kva dei ønskja å læra meir om når det gjaldt seksualitet. Overraskande nok, fann ho ut at born ønskjer å snakka med vaksne om problema sine.
– Vaksne mislukkast fordi dei trur at born synes det er flaut, men born har eit stort behov for å diskutere, stille spørsmål og setja ord på sine eigne erfaringar og tankar. Kjærleik, venskap, ideala for utsjånad, seksualitet og førestellingar om korleis det er å vere den jenta eller guten er ikkje spørsmål som først kjem i ungdomstida. Born trenger vår hjelp til å forstå verda rundt seg mykje tidlegare enn det, seier Simonsson.
Verdas viktigaste freistar å gi born og ungdom svar på korleis ein taklar pinlege foreldre, kvifor mensen kjem, korleis tissen skal sjå ut og korleis det er å vere forelska. I tillegg tek forfattaren for seg dagens kjønnsroller og problemstillingar knytt til gruppepress.
Ifølgje den svenske seksualopplysaren er det mange oppfatningar i dagens samfunn og kva som fint, bra og riktig. Dette gjer det ekstra vanskeleg for mange å kjenne seg tilstrekkelege.
– Dersom alle born skal kjenna seg lykkelege, trygge og stolte, så treng dei å vita at dei er gode nok som dei er. Uansett kven dei er, korleis dei ser ut, kven dei forelskar seg i eller kva dei drøymer om.
LES OGSÅ: Unge har mindre sex enn tidlegare generasjonar
Illustrasjonar frå boka.
Illustrerer ulike kroppsfasongar
Samlaget har medvite valt å bruke pronomenet «hen» fleire stader i boka, og illustrasjonane viser mange ulike kroppar. I staden for å få inntrykk av at ein må vere på ein bestemt måte, hjelper denne boka borna til å finne ut av kven dei er, og at det er heilt greitt å vere seg sjølv, uavhengig av korleis andre er.
– Det er verkeleg verdas viktigaste bok. I tillegg er det ei morosam bok med mange fargerike illustrasjonar som ufarleggjer og brukar humor for å bryte ned tabu, rosar Nygård.
I ei tid då all mogleg informasjon er berre eit tastetrykk vekke, meiner forlagsredaktøren at det er viktig å ha eit alternativ som kan gje trygg og god informasjon som er kvalitetssjekka av helsepersonell.
– Burde denne type bøker vere obligatorisk i skule og opplæring?
– Definitivt. Denne boka er ei gåvepakke til lærarar. I eit klart og enkelt språk tek boka føre seg kva som skjer i kropp og hovud i overgangen frå barn til vaksen, og dekkjer i tillegg høgaktuelle tema i skulen som mobbing, kroppspress og vanskelege kjensler. Eg har ei sterk tru på at mange vaksne i dag kunne levd eit annleis og betre liv om dei hadde tilgang til slik litteratur når dei var yngre.
LES OGSÅ: «Alle fitter er like fine»