Tema: Samferdsle, Miljø, Hordaland

Ungdom må betala for dårleg luft

– Skandalaust, seier Ungdommens fylkesutval til forslaget om at ungdom må betala for luftforureininga i Bergen i vinter.

Svein Olav B. Langåker
onsdag 27. april 2011 08.55

Ungdom må betala for dårleg luft På ekstra kalde dagar i Bergen har lufta blitt så dårleg at fylkeskommunen har sett inn ekstrabussar. FOTO: Jon Kristian Bernhardsen/Flickr

På torsdag skal fylkesutvalget avgjere kor fylkeskommunen skal spara inn 40 millionar kroner. Dette kjem som følgje av budsjettoverskridingar i føregåande år. Årsmeldinga til fylkeskommunen slår fast at overskridingane blant anna kjem frå ekstrabussane som vart sett opp i samband med luftforureininga ein opplevde i Bergen sist vinter. Cirka ein fjerdedel av innsparingane skal skje ved redusering i samferdselsbudsjettet

– Me ser det som skandalaust å redusera tilbodet til dei som bidreg i miljøarbeidet ved å reise kollektivt, seier leiar Karl-Erik Strøm Skogseid.

Ein av millionane skal fylkeskommunen dekkja inn ved å fjerna Kystbussen frå Ungdomskortordninga. Indirekte vil det seia at ungdom i Sunnhordaland må betala delar av prisen for luftforureininga i Bergen i fjor vinter. Det er ein praksis ungdommane reagerer sterkt på.

Ungdommens fylkesutval meiner fylkeskommunen heller må sjå etter tiltak som gjer at det er forureinaren som betalar.

– Slik forslaget er laga, er det eit slag i andletet for dei som vel å reise kollektivt uansett alder, seier Strøm Skogseid i ei pressemelding.


Oppdatert: onsdag 27. april 2011 08.55
Kommentarar 0

 
ANNONSE: