Undersøkjer mystisk massedød

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Veterinærinstituttet har fått prøver frå dei 323 døde reinsdyra som blei funne på Hardangervidda og skal no finne ut kva som har teke livet av flokken.

Ein oppsynsmann frå Statens naturoppsyn gjekk fredag rett inn i eit område der døde villrein låg tett i tett i terrenget. I alt er det funne 323 døde reinsdyr på eit lite område sør på Hardangervidda i Telemark. Fem rein blei avliva på staden.

Truleg har flokken blitt treft av lyn då eit kraftig uvêr passerte over området fredag.

– Dei låg døde i eit ganske konsentrert område. Reinsdyr er flokkdyr og står ofte tett saman. Under eit kraftig torevêr kan dei ha stått endå tettare saman i frykt, seier Knut Nylend ved Statens naturoppsyn sentral Skinnarbu til NTB.

Privat jaktområde
Oppsynsmannen fann dei mange dyra døde i eit privat jaktområde på vidda mellom Møsvatn og Kalhovd i Telemark. Det er godt utanfor allfarveg og relativt langt unna nærmaste tursti i fjellet.

Folk frå Statens naturoppsyn var i området søndag for å telje og ta prøver av dyra. Dei blei flogne inn til det utilgjengelege området.

– Vi har sendt opp eit lag på åtte personar som tek prøver som skal sendast til Veterinærinstituttet for undersøkingar. Då vil vi også få vite sikkert kva dyra døydde av, seier Nylend.

Det er ikkje avgjort om dei døde dyra skal bli liggjande i terrenget eller om dei må fjernast på noko vis. Dette spørsmålet vil Miljødirektoratet og Mattilsynet saman gjere eit vedtak om.

På Hardangervidda lever rundt 10.000 villrein som vandrar over eit område på 8.000 kvadratkilometer. (©NPK).