Umyndigegjorde veljarar

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Umyndiggjorde veljarar

Kommentaren var først publisert i Vikebladet.

For meg er alle val demokratiske jubeldagar. Om utfallet ikkje går min veg, gler eg meg likevel over at folket har fått høve til å bestemme. I løpet av dei siste åra har eg likevel hatt ei ekkel kjensle attåt gleda. Det har nemleg blitt slik at veljarane i stadig mindre grad får avgjere kven som vert valt, mykje av denne avgjerda har blitt teken over av partia.

Dei folkevalde skal i fire år etter valet avgjere saker på vegner av oss alle. Det er sjølvsagt umogeleg å ha oversikt over alle saker så langt fram i tid. Veljarane freistar difor å finne både kven dei har tillit til og vil stemme på, og kven dei ikkje har tillit til. For ein del veljarar er det nok viktigast kven dei ikkje stemmer på.

Særleg i lokalval spelar den personlege tilliten ei stor rolle. Veljarane kjenner gjerne mange politikarar personleg og i alle fall har dei gode høve til å studere korleis politikarane stemmer i forskjellige saker og korleis dei trer fram i det offentlege ordskiftet. Lokalval gjeld og «dei nære ting» som vi alle er opptekne av og som vedkjem oss direkte i kvardagen.

LES OGSÅ: Her stal dei unge valshowet

Dei politiske partia har ei viktig rolle å spele i vårt demokrati. Basert på sine politiske og filosofiske grunnsyn samordnar partia meiningar, finn kompromiss og stakar ut eit sett standpunkt som dei i alle fall sjølve, meiner heng i hop og kan omsettast til gjennomførbar politikk. I eit moderne samfunn skal svært mange saker avgjerast og partia gjer det mogeleg å få dette til på ein måte som er både effektiv og legitim. Slik eg ser det har vi per i dag ikkje noko brukbart alternativ til dei politiske partia.

Talet på partimedlemmer har over lang tid gått ned. Statistisk sentralbyrå opplyser at i 1980 var 17 prosent av oss medlem i eit politisk parti. I 2014 var delen berre 7 prosent. Berre ein liten brøkdel av partimedlemmene deltek i nominasjonsprosessane som avgjer namna og rekkjefølgja på røystesetlane.

Nedgangen i den folkelege oppslutnaden om dei politiske partia har ikkje ført til at inntektene deira er gått ned. Nei, partia har skaffa seg sugerøyr ned i offentlege kasser. I 2005 fekk partia nesten 194 millionar i offentleg støtte. Dette utgjorde 65 prosent av inntektene. I 2014 var støtta auka til 451 millionar og stod for 72 prosent av inntektene. Partistøtta har auka med om lag 130 prosent medan den generelle prisauken frå 2005 til 2014 er om lag 19 prosent. Vi kan soleis slå fast at dei politiske partia har brukt offentlege løyvingar til å kompensere for bortfallet av folkeleg deltaking. Ja, eigentleg er det vel tale om ei formidabel overkompensering.

LES OGSÅ: Kjendisar skvisa ut innvandrarar i Oslo

Alle val i Noreg er personval. I prinsippet skal veljarane ha høve til å velje mellom personar på forskjellige lister og sette opp namn dei vil gje sin tillit til. Etter kvart har det vorte mest berre dei politiske partia som står for desse listene. Steg for steg er det og blitt innført avgrensingar i retten veljarane har til å peike ut namna dei vil røyste på.

Ved val til Storting og Fylkesting er det for lenge sidan innført reglar som i praksis inneber at partia avgjer rekkjefølgja på kandidatane og at veljarane berre kan velje mellom parti, ikkje mellom personar. Ved kommuneval var det fram til 2003 gode høve for veljarane til å peike ut kven som vart valt. Ein kunne gje tilleggsrøyst (kumulere), ein kunne føre opp folk frå andre lister (slengarar) og ein kunne stryke kandidatar ein ikkje hadde tillit til. Partia kunne førehandskumulere kandidatar ved å føre dei opp fleire gongar, men dette kunne veljarane oppheve ved å stryke.

Veljarane sine prioriteringar hadde mykje å seie for valresultata. Som regel kom listetoppar heilskinna gjennom, men på plassane lenger ned kunne rekkjefølgja frå valresultatet verte heilt annleis enn den på røystesetlane.

I 2003 vart retten til å stryke teken bort og partia si førehandskumulering vart gitt så stor vekt at veljarane i praksis ikkje ville kunne oppheve den. Høvet til å føre opp slengarar og å gje tilleggsrøyst vart halden oppe.

Resultatet av endringa er at partia ofte kumulerer så mange toppkandidatar at der snart ikkje er nokon att som veljarane kan røyste inn. Dei få promillane av folket som deltek i nominasjonsprosessane har soleis ein uforholdsmessig stor innverknad på valresultatet. Av dei 25 nyinnvalde medlemene til kommunestyret i Ulstein var heile 16 førehandskumulert. Veljarane har altså berre fått lov til å peike ut 9 av 25, eller drygt ein tredjedel av kommunestyret.

LES OGSÅ: – Grense for kor låg deltakinga kan vera

Ein annan effekt av endringane er at no har kontroversielle kandidatar auka sjanse til å bli valt. Var der sterke og delte meiningar om ein kandidat, ville ein med den gamle ordninga få balanse mellom stryking og kumulering – dei oppheva kvarandre. No er det berre kumulering som tel, og ein kandidat som elles aldri ville fått tillit etter den gamle ordninga, kan i dag sikre seg plass i kommunestyret. Slikt bidreg ikkje til redusert konfliktnivå og auka konsensus.

Så kvifor har dei politiske partia teke frå veljarane retten til å avgjere kva for personar som skal bli valt. Det er nytta forskjellige forklaringar som at folk stryk kandidatar som ikkje burde vore strokne og at ein stemmer fram kandidatar som partia ikkje har prioritert. Det er mellom anna nemnd at kvinner og innvandrarar vert strokne. Ein ting er at dette ikkje stemmer, ei anna sak er at ein bør vere svært varsam med å stille seg til doms over det veljarane gjer.

Partia har viktige samfunnsoppgåver og dei har løyvd seg sjølve godt med pengar til det. Det blir feil når partia stadig sterkare styrer kven som skal verte valt – særleg ille vert slik umyndiggjering når stadig færre er partimedlem. Partia må vise seg tilliten verdig, ikkje trengje seg inn i valavlukka og styre veljarane si hand. Det må vere slik at det er partia som må hente tillit hjå veljarane, ikkje omvendt.

Håkon Waage, Venstre-politikar og spaltist i Vikebladet