Tolking av novella ”Hvis det er sant”

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I denne oppgåva vil eg analysere og tolke novella "Hvis det er sant" av Jakob Arvola. Den står skrive i Det går ikke over. Fortellinger frå 2014.

Novella handlar om ei lita jente, Miranda. Ho er på Fagerborg i Oslo, og det er kvelden 7. mai 1945. Ho går tur i parken der ho møter ein mann i uniform. Ho har lært av far sin at menn i uniform skal ho ikkje prate til, med mindre dei snakkar til henne først. Då må ho svare så vennlig og lite som mogleg. Ho skal heller ikkje lyge til dei, eller springe frå dei. Men mannen verkar ikkje sint som dei andre uniformerte mennene ho har sett, og Miranda blir sitjande på ein benk i parken å prate med mannen. Han fortel henne at krigen vil vere over i morgon, at då blir det fred.

Novella byrjar rett på sak, med at Miranda skal på tur i parken. Den har altså ei in medias res-innleiing. Resten av novella er kronologisk framstilt, og den spenner over eit kort tidsrom, noko som er typisk for novellesjangeren. Språkflyten i novella er god, og den består i hovudsak av forteljarkommentarar, med brot av replikkar. Dette er med på å gi liv til forteljinga.

Spenningskurva stig i det Miranda legg merke til den uniformerte mannen på benken i parken, og i det han byrjar å snakke til henne. Spenninga senkar seg litt igjen etter kvart som dei pratar med kvarandre. I det ho får auge på pistolen innanfor frakken hans, stig spenninga igjen og novella når eit høgdepunkt. Ho er redd for kva han vil gjere, og trur han vil skyte henne. Spenninga senkar seg på nytt, då han fortel henne at han ikkje skal gjere henne noko. Historia består av replikkvekslingar og skildringar, som heile tida peikar fram mot vendepunktet. Til dømes "øynene hans er blanke", "det er en pistol der" og "han er så rar i øynene". Vendepunktet i novella er i det jenta stoppar før bakketoppen, ser seg tilbake, og vi får vite at mannen har gått inn i buskene. Ho trur det er fordi han har mista noko. Ut i frå hinta vi får i løpet av forteljinga, tolkar eg det som at mannen tek livet sitt i buskene. Sidan vi ikkje får ei direkte avklaring på kva som eigentleg skjer på slutten, kan vi seie at novella har ein open slutt.

Forteljaren er ikkje ein del av sjølve historia, men står utanfor og ser. Til dømes, "Hun går med et eple i lommen. Hun har fått det av far. Hun skal spare eplet, sette det mot munnen, men ikke bite, først prøve å huske hvordan det smaker". Det at forteljaren veit kva Miranda vil gjere med eplet, viser at han og har innblikk i tankane til Miranda. Synsvinkelen i novella er altså autoral. Den gjev oss god oversikt over miljø og personar, i tillegg til at vi får vite kva Miranda tenkjer og føler. Dette bringer oss nærare henne, og gjer at vi kan leve oss meir inn i handlinga.

Novella består av tre personar, Miranda, far og soldaten. Få personar er typisk for novellesjangeren. Personane i novella lever i eit land der det nettopp har vore krig. At dei er prega av dette kan vi sjå i innleiinga, der Miranda tenkjer at ho skal spare eple sitt, før ho skal ete det langsamt. Vi kan anta at eple, og anna mat, er ei mangelvare. Vi ser og døme på at dei er prega av krigen då far seier, "Kom nå ikke for sent hjem". Under krigen var det forbode å gå ute etter eit visst klokkeslett. Eit anna døme er når ho går i parken, og ser ein mann med uniform. Det er ikkje vanleg å sjå folk i ein park i uniform. I løpet av novella endrar miljøet seg. Til å byrje med er det prega av krig og frykt, medan det etter kvart kjem fram at det vil bli fred i morgon, og at krigen vil vere over.

Miranda er ut frå teksten ei lita jente. Ho har lært av far sin at ho ikkje skal snakke med soldatane utan at dei snakkar til henne først, ho må ikkje lyge til dei og heller ikkje springe frå dei. Ho verkar som ei takknemleg og høfleg jente. Det kan vi sjå ut frå kor godt ho tek vare på eplet ho har fått, og den rolige måten ho snakkar med soldaten i parken på. Miranda er ein dynamisk karakter. Ho går frå å vere redd soldaten, til å stole på det han fortel henne. Faren får vi ikkje vite så mykje om, anna enn det han har lært dottera si. Han er altså ein statisk karakter. Soldaten er beskriven med fleire adjektiv. Til dømes får vi vite at auga hans er blanke og at han har skinande, blanksvarte støvlar. Etter mi tolking av novella så tek soldaten livet i slutten av historia. Ut i frå dette er han ein dynamisk karakter, som går frå å vere levande til å vere død.

Språket i teksten er prega realistisk språk med korte og presise setningar, der berre det aller viktigaste er med. I novella er det brukt fleire språklege verkemiddel. Blant anna kan vi sjå fleire døme på gjentaking. Til dømes står det i avsnitt sju "…far har sagt man ikke skal…". I avsnitt ni blir dette gjenteke, "…far har sagt det…". Det blir og gjenteke fleire gonger korleis ho skal oppføre seg mot soldatane, at ho ikkje må springe, ikkje lyge og ikkje snakke utan at dei snakkar. Vi kan og sjå døme på samanlikningar og motsetningar. I avsnitt fem samanliknar Miranda fargen på støvlane til soldaten med solbær. ", de er skinnende blanksvarte, som solbær". I avsnitt seks samanliknar ho lukta av soldaten med lukta av faren. Ho synest han luktar som faren gjer når han pyntar seg. Ei motsetning i novella er skilnaden mellom jenta og soldaten. Han er ein vaksen mann som har vore i krig. Ho er ei lita jente utan særleg livserfaring. Eplet som jenta ber på kan vi sjå på som eit symbol for starten på noko nytt.

I løpet av teksten får vi fleire hint om kva mannen tenkjer å gjere. Enda det snart er fred, ber han ein pistol. Vi får vite at jenta synest auga hans er blanke og litt rare, og at han har eit merkeleg humør. Dette er nok teikn på frykt og redsle. Han har pynta seg, pussa støvlane sine blanke og han har på seg uniform med alle medaljane sine. Dette er for å vise at han døydde for landet sitt, og med stoltheit.

Tema i novella er å sjå menneske på ein ny måte. Å sjå at folk ikkje alltid er slik ein først hadde tenkt. Folk kan endre seg, både frå fæl til god og frå god til fæl. Soldaten er eit godt døme på det første. Han har sannsynligvis vore med og gjort ting under krigen han angrar på, og er difor rolig og hyggelig mot jenta i novella. Ho har lært av faren sin at "han hører til dem som man ikke skal snakke med hvis de ikke snakker først, for da kan det hende ting". Ho blir likevel sitjande på benken å snakke med han, og ho spør han om ting utan at han snakkar først. Det viser seg at han ikkje gjer henne noko vondt, men berre er snill. Sjølvsagt gjeld ikkje dette alle, og ein skal vere forsiktig med kven ein snakkar med, men kva vil skje om heile verden sluttar å snakke med kvarandre? Korleis skal ein då bli kjend med nye? Eg trur bodskapen i novella handlar mykje om å gi folk ein ny sjanse, og tru på at folk ikkje alltid er slik ein fryktar.

Novella kom ut for to år sidan, og handlinga er lagt tilbake til 1945. Likevel vil eg seie den er svært dagsaktuell. I dag er det krig i store delar av verden, og flyktningar kjem til landet. Mange fryktar utlendingane som kjem til Noreg. Vi veit ikkje kven dei er eller kva dei vil gjere. Men dette vil vi heller ikkje finne ut utan å prate med dei, utan å bli kjend med dei. Ulike menneske kan lære av kvarandre, kanskje blir vi positivt overraska. Frå vi er små blir vi opplærd til å ikkje snakke med framande, men korleis skal vi då bli kjend med nye folk? Vi må ha meir tru på kvarandre, meir tru på mennesket.


Les fleire gode eksamenssvar her!

Faktaboks

I 2016 fekk VG3-elevane på studieførebuande ei langsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål der dei skulle analysera novella ”Hvis det er sant” av Jakob Arvola. Sjå eksamensoppgåva her! (ekstern lenkje)

Sjå svaret til Lone Vik på kortsvaroppgåva her!