Ein del av miljøet?

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I denne oppgåva vil eg ta føre meg den samansette teksten "Ta ein #SELFHiSF – bli ein av oss!", som er ein del av eit studiemagasin frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, 2016. Formålet med teksten vil eg seie er å gjere skulen meir attraktiv, og få komande studentar til å søkje.

I teksten blir det brukt positivt ladde ord om både skule, miljø og moglegheiter. Til dømes blir det skrive om eit "sosialt og inkluderande studentmiljø" og "overskot til å gjere dei tinga du likar best". Vi kan og sjå fleire døme på direkte tale, til dømes "Du kan velje…" og "…du får tid til…". Dette appellerer til kjensler og er difor patos-relatert.

Nedst på sida kan vi sjå fakta om stadene HiSF har campusa sine, Førde og Sogndal. Der står og to faktasetningar, "Fleire av studia våre blir vurderte til å vere blant dei beste i landet" og "Og vi har nokre av dei mest fornøgde studentane i landet". Dette er døme på logosappell, då desse setningane bygger på fakta og etterprøvbar bevisførsel.

Verbalteksten som står skriven øvst til venstre på sida, er signert av Heidi Sofie Gommerud, studentambassadør. Med tittelen studentambassadør står ho fram som trygg og overtydande. Ho skriv og på ein klar og presis måte, og dette skaper tillit og høg etos.

Gjennom verkemiddel som positivt ladde ord, direkte tale og open argumentasjon, kjem dei tre appellformene godt fram, og skulen blir framstilt svært bra.

Faktaboks

I 2016 fekk VG3-elevane på studieførebuande éi kortsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål der dei skulle analysera ein samansett tekst frå side 2 i denne studiebrosjyren frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sjå eksamensoppgåva her! (ekstern lenkje)

Sjå svaret til Lone Vik på langsvaroppgåva her!