Tilbyr studium i sportsfiske
Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) startar verdas første studium innan sportsfiske.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Verdas første fluefiskehøgskule
Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) startar eit årsstudium for sportsfiskebasert næringsverksemd i samarbeid med Grong videregående skole.
– Målet er å auke kompetansen innanfor denne næringa, som er i solid vekst, seier dekan Rolf Wensbakk ved HiNTs avdeling for landbruk og informasjonsteknologi i ei pressemelding.
Frå hausten opprettar skulen 20 studieplassar med sportsfiske som tema. Målet er å utdanne folk til å bli fiskeguidar eller tilbydarar av sportsfiske.
Ifølgje HiNT blir dette den einaste høgskuleutdanninga i verda innan sportsfiske.
Den teoretiske delen skal skje i Steinkjer, medan det fiskefaglege vert lagt til Namdalen i samarbeid med sportsfiskelinja ved Grong videregående skole, fortel NRK. (©NPK)