Tente ein halv million for mykje

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inntektsgrensa for ei ungdomsbedrift er sett til 140.000 kroner, på lik linje med andre velgjerande organisasjonar. Kjem ungdomsbedrifta over grensa, må han registrerast på nytt som eit vanleg føretak.

– Me omsette i fjor for 700.000 kroner. Det var ein ganske komplisert prosess før me kom fram til ei løysing, seier dagleg leiar i Dressed to Chill (DTC), Turid Helgø til Rogalands Avis. Dei ti elevane i bedrifta går på studiespesialiserande retning på Hetland vidaregåande skule.

Fekk reaksjonar
Lærar i Entreprenørskap og bedriftsutvikling ved skulen, Marit Gjerde fortel at suksessen til elevane blei ei utfordring. Føretaket tok ein stor del av marknaden for heildressar. Dei selde dressane til ein rimelegare pris enn konkurrentane sine.

– Næringslivet og konkurrentar reagerte, forklarar Gjerde overfor Rogalands Avis.

Ho presiserer vidare at DTC var eit unntakstilfelle, og at det aldri før har skjedd i Noreg. Hetland vidaregåande tok likevel kontakt med Skatt Vest i god tid før DTC overgjekk grensa. Historia har ført til at reglane til Skatt Vest er skjerpa inn. No må ein starte eige selskap med ein gong ein går over grensa.

Satsar meir
Fleire av dei 10 ungdommane i bedrifta jobbar allereie innan klesbransjen, men alle er veldig interesserte i klede.

– Det var difor me valte å satsa på eit heilt nytt produkt som var veldig risikabelt. Alle i bedrifta er opptatt av mote og kva som er nytt på marknaden. Faktisk når me byrja å selja heildressane var produktet ikkje å finne i butikkar. Etter at me var på framsida av Rogalands Avis og sa akkurat dette, byrja store kjeder og ta dei inn. Og nå kan du nesten finna heildress i kvar einaste bedrift, opplyser marknads- og salssjef Lina Herigstad i ei fjesbokmelding til Framtida.no.

– Me er svært stolte over denne bedriften som eigentleg skal vera ei ”skulebedrift”, men som utvikla seg til ei skikkeleg konkurrerande bedrift etter mykje hardt arbeid, legg ho til.

Sjå video av dei unge gründerane (henta frå NDLA):

Faktaboks

Ei ungdomsbedrift (UB) blir registrert i Brønnøysundregistera via Ungt Entreprenørskap som ei eiga juridisk eining.

Ungdomsbedrift som metode er basert på elevaktiv læring. Det er ingen kunnskap som sit så godt hos elevane som den dei tileignar seg gjennom eiga røynsle.
Ei ungdomsbedrift (UB) gjev elevar i vidaregåande skule røynsle med bedriftsetablering innanfor trygge rammer. Gjennom eit skuleår skal elevane etablera, driva og avvikla ungdomsbedrifta med lærar som rettleiar og ein mentor frå lokalt næringsliv. Elevane arbeider ut frå ein reell idé og realiserer denne gjennom produksjon, marknadsføring og sal. Overskotet føretaket gjev, er det elevane sjølv som bestemmer over.

Ungdomsbedrifta kan vera sett saman av to eller fleire elevar, men all røynsle tilseier at det beste er om det er ei gruppe på fem til åtte elevar. Ungdomsbedrift gjev gode høve for tverrfagleg læring og er godt forankra i kompetansemål i ei rekkje studiespesialiserande og yrkesfaglege utdanningsprogram.
Kjelde: Ungt Entreprenørskap