Ta ein #SELFHiSF – bli ein av oss!

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den samansette teksten «Ta ein SELFHiSF – bli ein av oss!» er ein annonse publisert som ein del av studiekatalogen til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Målet med annonsen er å rekruttere nye studentar til høgskulen, så målgruppa er nok først og fremst ungdommar i studentalder som ikkje heilt har bestemt seg for kor og kva dei vil studere. At annonsen appellerer til unge viser igjen i overskrifta då #SELFHiSF er eit ordspel på fenomenet «selfie». I tillegg er emneknaggsymbolet framtredande i det visuelle, og viser at Høgskulen heng med i tida.

Annonsen har ein tydeleg patos-appell i og med at den speler sterkt på samhald og fellesskap. «Bli ein av oss!» er noko av det første ein les, og studentmiljøet blir vidare omtalt som «sosialt og inkluderande». Dette gir lesaren eit ønskje om å få oppleve dette samhaldet. Det blir òg nemnd mange ulike aktivitetar ein kan drive med, som appellerer til den aktive studenten. Bileta viser ein fin og ny skule, glade studentar og vakker natur, og er med på å styrkje inntrykket av ein skule der ein kan vere både sosial og aktiv.

Etos-appell er også til stades ved at Høgskulen har høg etos i seg sjølv, og i annonsen blir det hevda at fleire av studia er «vurderte til å vere blant dei beste i landet» og at dei har «nokre av dei mest fornøgde studentane i landet». Teksten i annonsen er skriven av studentambassadøren, noko som gjer lesaren trygg på at det faktisk er meiningane til ein student ein får, og ikkje til ein som er tilsett ved skulen. Annonsen inneheld også faktaopplysningar om studiestadene, utveksling osb., så ein finn òg logos-appell. Resultatet av bruken av appellformene er ei informativ og engasjerande annonse som nok vil få fleire til å vurdere studiar ved HiSF.
 

Sjå andre gode eksamenssvar her!

Faktaboks

I 2016 fekk VG3-elevane på studieførebuande éi kortsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål der dei skulle analysera ein samansett tekst frå side 2 i denne studiebrosjyren frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sjå eksamensoppgåva her! (ekstern lenkje)

Sjå svaret til Eirin Alvilde Nordeide på langsvaroppgåva her!