≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Eksamen, Fridtjov Oos legat, Gode eksamenssvar

Er det sant?

Denne eksamensoppgåva i norsk av Eirin Alvilde Nordeide frå 2016 blei kåra til Noregs beste av juryen for Oos’ legat.

Eirin Alvilde Nordeide
torsdag 27. april 2017 22.18

Er det sant? Illustrasjonsfoto: Pixabay

- Blir det virkelig fred?
Øynene hans er blanke, snart er det mørkt, hun må hjem, han snur hodet mot henne, ser rett på henne, han er ikke trist, men han er ikke glad heller, hun vet bare ikke hva det er.
- Ja, i morgen blir det fred. Da går det over.

«Hvis det er sant» er ei novelle skriven av Jakob Arvola». Den vart gitt ut i 2014 som ein del av novellesamlinga «Det går ikke over». Handlinga er sett til Oslo, dagen før 2. verdskrig var over. Kvelden den 7. mai 1945 møter ei lita jente ein tysk soldat på ein parkbenk i Oslo. Ho er først redd fordi ho har fått vite at ho aldri skal snakke med sånne som han «hvis ikke de snakker først», men dei kjem så i snakk, og jenta er ikkje redd lenger. Soldaten fortel at krigen snart er over, og at ho er den første han seier det til. Han seier så at ho skal seie det til alle ho kjenner, før ho går heimover. Då jenta snur seg tilbake, sit ikkje soldaten på benken lenger.

Det er ikkje noko tydeleg konflikt i handlinga, noko som på eit vis er overraskande ut ifrå haldninga til den vesle jenta. Ho har blitt lært opp til å frykte tyskarane, og er difor på vakt heile tida medan ho snakkar med mannen på benken. Dette er spesielt då ho får auge på pistolen mannen har på seg. Mannen på si side verkar ikkje som om han har noko intensjon om å gjere jenta noko, han er heller hyggjeleg mot ho og forsikrar ho om at ho ikkje må vere redd. Den mest framtredande konflikten i novella er dermed den indre konflikten jenta føler då ho har blitt fortalt ein ting, men opplever noko anna.

Novella har inga innleiing med bakgrunn for personane, personskildringar og liknande. Lesaren hamnar midt i handlinga (in medias res) der jenta går gjennom byen på veg heim. Dette gjer at lesaren sjølv må gjere seg ei oppfatning av kor jenta kjem frå, kor ho skal og kven ho er. Handlinga er deretter kronologisk, og følgjer jenta gjennom heile teksten. Tidsrommet er ikkje spesielt stort, kanskje ikkje meir enn nokre få minutt. Handlinga er heller enkel utan brot, parallellhandlingar osb., så møtet mellom jenta og soldaten får all merksemda i novella.

I og med at det ikkje er ei klart teikna konflikt i novella, og handlinga er såpass subtil, er det heller ikkje noko tydeleg høgdepunkt eller vendepunkt. Eit mogleg høgdepunkt må likevel kunne seiast å vere når jenta ser pistolen til soldaten. Lesaren ser med ein gong at han ikkje kjem til å gjere noko, då det første han gjer er å skjule den for å ikkje skremme jenta, men ein merkar kor redd jenta blir og korleis haldninga hennar endrar seg. Vendepunktet kjem etter at jenta spør om det verkeleg er sant at det blir fred. Spørsmålet gjer noko med soldaten, som først forsikrar jenta om at det er sant, før han plutseleg sender ho heim og seier at ho skal fortelje alle ho kjenner at freden kjem i morgon. Det enkle spørsmålet utløyser ein reaksjon hos soldaten, som leier fram til avslutninga av novella. Slutten er open der ein sjølv må tenkje seg til kva som skjer vidare med soldaten etter at han gjekk frå benken i parken. Alt vi får vite er at jenta ser at han går inn i buskene, som for å leite etter noko. Moglege tolkingar er at han faktisk skulle sjå etter noko, men utifrå sinnsstemninga hans og pistolen han hadde med seg, er det også tenkjeleg at han ville ta sitt eige liv. Dette kan også vere årsaka til at han var så insisterande på at jenta skulle forte seg heim.

Synsvinkelen er tredjeperson personal, noko som vil seie at forteljaren står utanfor handlinga og følgjer ein av personane, i dette tilfellet jenta. Vi får vite kva ho føler og tenkjer, og ser handlinga gjennom hennar auge. Dette fargar innhaldet i teksten ved at ein ser krigen og soldatane frå eit nytt perspektiv, og med naiviteten til eit barn.

Det er den vesle jenta som er hovudpersonen i teksten, men ho blir ikkje skildra direkte. Den einaste direkte skildringa er at ho har eit eple i lomma som ho har fått av far sin. Gjennom ting ho seier, tenkjer og gjer, skjøner ein likevel at ho er ganske så ung, men likevel smart, og at ho har empatiske trekk sidan ho klarer å skilje mellom dei ulike sinnsstemningane til soldaten. I tillegg verkar ho pliktoppfyllande ved at ho heile tida gjentek for seg sjølv kva ho har blitt fortalt av foreldra. Om soldaten får vi vite han har pynta seg ved å ta på seg alle medaljane sine og pusse skoa, og at han går med pistol og har frakk. Elles merkar ein ein slags resignasjon, og det er ikkje lett å avgjere kva humør han faktisk er i. Det verkar viktig for han å ikkje skremme jenta og å få fram at det straks er fred.

Ingen av karakterane går gjennom noko drastisk utvikling etter kvart som lesaren blir kjend med dei, og dei må difor kunne seiast å vere statiske karakterar. Det som utviklar seg mest er forholdet mellom dei to, som går frå å vere prega av frykt frå eine parten, til å gradvis utvikle seg til det som minner om eit venskap. Mot slutten av novella stryk soldaten jenta over nakken, og ho kjenner at ho ikkje er redd lenger. Dette hadde vore heilt annleis om han hadde gjort det i byrjinga av møtet deira. Dette viser også att i konflikten – jenta ender opp med å ikkje vere redd for soldaten sjølv om ho veit at ho burde det. Som lesar støtter ein «valet» til jenta om å ikkje frykte soldaten, då ein etter kvart får sympati med han. Ein skjøner tidleg at han ikkje er farleg, han viser omtanke for jenta, og han kjem med bodskap om fred. I tillegg til dette gjer den resignerte, livstrøytte haldninga hans til at ein omtrent får behov for å trøyste han. Dette er nok litt av grunnen til at også jenta blir sitjande i staden for å skunde seg heim slik ho skulle.

Miljøet kring handlinga blir lite skildra, noko som igjen er med på å gjere sjølve møtet desto viktigare i novella. Det vi får vite er at dei møtes i ein park i Oslo på ein benk langs ein grusgang. Dei to karakterane er frå svært ulike sosiale grupper der ho er eit lite barn frå ein norsk familie, medan han er ein soldat som høgst sannsynleg kjem frå Tyskland. Forholdet mellom rollene deira er sjølve årsaka til at dei to kom i snakk, då jenta visste at ho alltid måtte svare tyske soldatar dersom dei sa noko, elles kunne det få konsekvensar. Sjølv om det viste seg at akkurat denne soldaten ikkje var farleg, kunne ikkje jenta vite dette på førehand. Forholdet deira før dei snakka saman var altså basert på frykt og underdanigheit. Dette passar godt med tida handlinga er sett til, som altså er 1945. Under krigen var Noreg okkupert av tyskarane, og om ein ikkje gjorde som dei sa, kunne ein bli straffa for det. Dette forklarer kvifor jenta på førehand var så redd for soldaten.

Språket i novella ber preg av at handlinga er sett gjennom jenta sine auge. Ordvalet er enkelt, og formuleringane er ofte slik at ein skjøner at det er noko eit barn ville sagt, til dømes «Og inni henne er det noe som har blitt litt bedre, hun reiser seg og nikker bare» og «Slike som han snakker ikke sant, far har sagt det, men man skal ikke løpe». Setningane er vekselvis lange og fragmenterte, og til tider er det heile avsnitt med mange komma men ingen punktum. Dette gir eit inntrykk av at ei tankjerekkje går over i ei anna, noko som er typisk for barn. Andre trekk som avslører den unge alderen hennar, er at jenta til tider dreg inn kva foreldra har sagt til ho, og at ho er svært impulsiv i det at ho plutseleg bestemmer seg for noko eller endrar meining.

Novella inneheld eit par replikkar, men språket her avviker ikkje mykje frå resten av teksten. Grunnen til dette er at teksten er skriven som utifrå jenta sine tankar, og difor vil ikkje det ho seier avvike mykje frå dette. Unnataket er dei få replikkane soldaten har. Han er ikkje heilt stødig i norsk, og språket her er difor dårligare med feil syntaks og leiting etter ord. Eit døme er når soldaten skal seie til jenta at ho ikkje må vere redd han: «Nei, ikke skal jeg… Jeg skulle ikke gjøre noe til deg». Gjennom samtalen forstår likevel jenta alt soldaten seier, noko som tyder på at han har vore i Noreg ei stund sidan han meistrar språket såpass godt.

Sidan handlinga er sett gjennom auga til jenta, og er fortalt i hennar ord, er det lite språklege verkemiddel i novella anna enn nettopp det at det er språket til jenta som blir brukt. Det er ingen metaforar eller samanlikningar, men eit symbol som går igjen, er eplet. Eplet er med gjennom heile handlinga, og skapar ein sirkelkomposisjon i novella ved at det er med både i starten og slutten. Eplet er i starten noko forbode og hemmeleg som ho må skjule for tyskarane. Då ho forsnakkar seg og fortel soldaten at ho har eplet, blir ho først redd, men han berre smiler. Til slutt, då ho får vite at freden kjem, blir eplet noko som kan vente, fordi ho veit at det kjem fleire eple. Det blir på eit vis eit symbol på fridom.

«Hvis det er sant» er ei sterk novelle fordi den handlar om eit møte mellom to personar frå ulike verder, og som om dette møtet ikkje hadde funne stad, nok aldri ville ha snakka ilag. Måten novella er skriven på, der vi ser alt gjennom jenta sine auge og alt unødvendig er tatt vekk, gjer at handlinga verkeleg står fram, og forholdet mellom soldaten og den vesle jenta er alt som betyr noko. Samspelet mellom karakterane er skjørt, der begge to heile tida er redde for å seie noko gale; ho for å provosere soldaten, han for å skremme jenta vekk. Dei mest framtredande temaa i novella slik eg ser det, er krig, fred og møte mellom personar av ulik bakgrunn. Bodskapen er at ein ikkje skal basere alt på det ein trur ein veit. Det første jenta tenkte når ho såg soldaten, var «Han er en av dem». Dette var for så vidt rett, men ho hadde likevel ingen grunn til å frykte han. Ein alternativ bodskap er at fienden ofte har fleire dimensjonar enn den ein fokuserer på.

I mine auge er «Hvis det er sant» ei god novelle som i alle fall gjorde inntrykk på meg, om ikkje alle som les den. Det sterkaste for meg, er at ein ser krigen frå ein heilt ny vinkel: gjennom eit barn sine auge, og der ein får sympati med ein tysk soldat. Dette er så annleis frå alt anna av krigslitteratur, der tyskarane blir framstilt som ein grå masse av vondskap, og ein aldri høyrer noko av erfaringane barn gjorde seg. Her får ein eit inntrykk av ein tysk soldat som eit enkeltindivid, og ein følgjer eit barn sine opplevingar av denne personen. Ei sak har alltid fleire sider, og eg synast denne teksten gjer ein viktig jobb med å få fram dette.

Tematisk sett er det viktigaste temaet i mine auge møte mellom personar av ulik bakgrunn. Dette heng tett saman med bodskapen i teksten, og er det eg som lesar sit igjen med etter å ha lest novella eit par gonger. Ein veit ikkje kva denne tyske soldaten har gjort under krigen og vi veit ingenting om kven han er, på same tid som vi ikkje veit kven den vesle jenta er. Alt vi veit er det som skjer under møtet deira. Poenget er at ein ikkje skal tru ein veit noko om ein person basert på stereotypiar knytt til posisjonen dei er i. Soldaten har kanskje gjort utenkjelege ting under krigen, og kanskje er det nettopp difor han sit på benken i den merkelege stemninga han er i. Dette tenkte ikkje jenta over då ho først begynte å snakke med han, og etter at ho forlét han, var noko av det første ho tenkte at ho måtte tilbake dagen etter for å takke han. Sjølv om han eigentleg var «fienden» hennar, oppførte han seg ikkje som om han var det.

Om folk flest hadde tenkt på denne måten, og sett kvar person som eit individ og ikkje som ein del av ei grå masse, hadde kanskje verda sett ganske annleis ut.

Kjelder:
Dahl m.fl. (2015); Grip teksten VG3 s.305-306, H.Aschehoug &Co.


Oppdatert: fredag 28. april 2017 10.05
Kommentarar



Faktaboks

I 2016 fekk VG3-elevane på studieførebuande ei langsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål der dei skulle analysera novella ”Hvis det er sant” av Jakob Arvola. Sjå eksamensoppgåva her! (ekstern lenkje)

Sjå svaret til Eirin Nordeide på kortsvaroppgåva her!

 
ANNONSE: