Sukkerskatt i Frankrike

Frankrike har innført skatt på drikkevarer med sukker i.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skatten på ein eurocent per boks skal gi den franske staten 120 millionar euro i året. Målet er ikkje å styrkje den vanskelege økonomien i landet, men å betre folkehelsa og redusere problemet med at stadig fleire franskmenn blir overvektige og feite.

Bryggjeria har protestert, og Coca-Cola har stoppa ei større investering. Men styresmaktene i Frankrike har godkjent skatten, skriv Lantbruk.com. (©NPK)