Studentar bygger opp eldhus i ferien

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein annleis sommarferie

– Det er god ferie å vera her. Vi er jo i hjartet av nasjonalromantikken! seier Viktor Olsson, Jonas Kyllenstjerna Pettersen og Erlend Garnås. Saman med Livar Høyland Opedal nyttar dei julidagane til å setje i stand eldhuset på heimgarden hans i Ullensvang i Hardanger. I det Framtida kjem innom er heller funne, materiala henta, og det er berre å spyle det nystøypte golvet, før ei kaffipause i kveldssola.

LES OGSÅ: Dei nye rallarane

Brukshus
Fyrst av alt – kva er eit eldhus?
– Frå gamalt var eldhuset eit av dei viktigaste husa på garden. Det var her ein baka, vaska klede, røykte kjøt og brygga. Gjorde det som trongst for å halde storhushaldninga i gang. Eit eldhus er ikkje eit uthus, samstundes skal det ikkje sjå fint ut, det er eit grovt hus. Tek ein vekk funksjonane, så er det ikkje eit eldhus lenger, forklarar Livar.

– Nett derfor vil vi oppdatere, setje det i stand for stor produksjon gjennom året. Vi tenkjer brygging og samling av gode vener, legg Viktor til.
 
Eldhuset dei fire NTNU-studentane set i stand hadde rasa saman, og det har vore nytta som uteplass. No skal det opp veggar i moderne tømmerkonstruksjon, leggast skifertak og nye golvheller.

LES OGSÅ: Vann arkitektpris for flytande bydel

Praksis
Men kva får arkitektstudentar til å nytte fleire ferieveker på å setje i stand eit eldhus på garden til ein kamerat – slik bortsett frå at det er fint å feriere i Hardanger?

– Vi får praksis! Det er veldig positivt, så vi slang oss på med ein gong Livar nemnde eldhuset. Når vi har huset som ramme, får vi høve til å putte arkitektur inn i detaljane, fortel Viktor, Jonas og Erlend.

Prosjektet er ikkje som studiekvardagen på lesesalen, eller praksisen dei får gjennom praksis ved NTNU.

– Det er ei anna oppleving, vi får stå på eigne val og ser kva som er mogeleg, seier Jonas.

– Og det er vårt ansvar å få huset til å stå, legg Viktor til. 

Å få eit prosjekt der dei kan bestemme sjølve, er også noko dei set høgt – dører, tak og detaljar.

– Men undervegs i prosessen er det mest som om prosjektet taler attende. Det er då vi finn løysingane som funkar, legg studentane til.

LES OGSÅ: Kreativ problemløysar

Saka fortset under biletet.


Lokale materiale er viktige, så tømmeret kjem frå Granvin.

Ikkje restaurering
Studentane er klåre på at dei ikkje driv restaurering – eldhuset skal vera eldhus, men ikkje reisast slik det ein gong var eller gjerast heilt likt gamle eldhus dei har vore å kikka på.

– Eldhus har tradisjonelt vore mørke rom, prega av at ting vert røykt der. Vi vil framleis ha det litt mørkt, utan glas og med fyring. Men ved å gjere det mogeleg å opne heile fasaden skaper vi kontrast. Eldhuset skal framleis vera eit arbeidsrom, samstundes som vi utfordrar kva det er, fortel dei.

Eit medvite val har vore å nytte lokale materiale – stålet kjem frå Odda, tømmeret frå Granvin og golvhellene er  funne rundt om på garden. Skiferen til taket er 100 år, og vert brukt oppatt.

– Kvifor gå på Maxbo? Det er så mykje meir spanande å gå ut i løa, seier Livar.

Læringa
Studentane har farta rundt i Ullensvang og grannebygdene, kikka på eldhus og sett på ulike løysingar – konstruksjonar og tak. Og dei har lært om tradisjonell bruk, tradisjonelle byggemetodar og ulike materiale.

– Vi har tala med heile bygda. Vi har fått ulike svar alle stader, og kjem til å gjere det som passar best,  fortel Erlend.

Men dei har ikkje berre lært om eldhus. Då Framtida var innom, var resultatet av sjølvlært stål-boring nett klårt. No står mellom anna sveising og legging av skifertak for tur.

– Vi har fått beskjed om at der er søylebormaskina og der er vinkelsliparen, så må vi berre finne ut av det. Eller vi held fram med å spørje, for her er det ein kultur for å hjelpe kvarandre.  Heile prosjektet er ei 90 graders læringskurve.

Sjølv om dei er usikre på om dei får mura ferdig omnen på dei to vekene dei har sett av til prosjektet, så er målet klårt.

– Vi skal skape eit hus rom funkar – eit rom det er godt å vera i, avsluttar studentane. 


Erlend, Viktor og Jonas føler Ullensvang ligg i hjartet av nasjonalromantikken.