Stipend til nynorsk Brann-blogg

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bloggen til Atle Berge dokumenterer livet hans som omreisande supporter av Sportsklubben Brann. Målgruppa er først og fremst andre Brann- og fotballinteresserte, men dei livlege skildringane av opp- og nedturar i livet for ein med eit hjarte som står i Brann, er morosam lesnad også for dei som berre er interesserte i god nynorsk.

– Nokre sjeldne skribentar kombinerer eldhug for fotball, humor og god skriveevne. Det ser ein til dømes i Fotball-VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad. Branndagboka står seg i dette selskapet, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Minutt for minutt
Branndagboka inneheld hyppige dagboksnotat og statusoppdateringar frå supporterlivet med foto og videoklipp – nesten frå minutt til minutt. I tillegg finn ein lengre tekstar som skildrar supporterkvardagen og andre Brann-fenomen i ein meir skjønnlitterær stil. Brann-podcasten «Bønder i Drammen» er også under vegs.

Branndagboka eksponerer mange som sjeldan les tekstar på nynorsk for dette språket. Som forfattaren sjølv, kjem mange brannsupporterar frå områda rundt Bergen. Frå før viser fotballklubbar som Sogndal og Hødd og fotballbladet Josimar at fotball er minst like fint på nynorsk, og Branndagboka er enda eit døme på det.

– Dette er kanskje det kjekkaste skriveprosjektet eg har halde på med, og det hadde ikkje vore mogleg for meg å bruke så mykje tid på tekstane utan denne økonomiske støtta, seier Atle Berge i pressemeldinga.

Atle Berge er frå Hjelmtveit i Lindås, men bur no i Hokksund. Han har gitt ut ein serie fotballbøker for barn om Barcelonagjengen og tre romanar for vaksne.

Det er ei løyving frå Kulturdepartementet som gjer at Noregs Mållag kvart år kan dele ut to stipend til styrking av nynorsken på nye område. Stipenda er på 50.000 kroner, og det eine skal gå til ein mann og det andre til ei kvinne.

LES OGSÅ: Førre veke fekk Kristine Ullaland stipend for bloggen «Grønare kvardag»