Steilar etter opning av nye oljefelt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag delte olje- og energiminister Tord Lien ut utvinningsløyve i 23. konsesjonsrunde. Det er første gong på over 20 år at det vert opna for oljeleiting i heilt nye område.

– I går feira vi 17. mai. I dag feirar vi at vi legg grunnlaget for å skrive neste kapittel i det norske oljeeventyret, sa Lien under pressekonferansen i Hammerfest.

LES OGSÅ: I tåkeheimen – reisebrev frå oljemessa ANS

Opnar for boring i heilt nye område
På pressemøtet offentleggjorde han at tre av ti nye utvinningsløyve gjeld det nyopna området i Barentshavet utanfor Aust-Finnmark.

Olje- og energidepartementet tilbyr 13 selskap andelar i til saman 40 blokker, fordelt på ti nye utvinningsløyve. Fem av selskapa får også operatørskap, deriblant Statoil.

– Oljeindustrien er den klart viktigaste næringa i Noreg. Sjølv i ein tøff og krevjande situasjon for næringa, er det ingen andre næringar som er i nærleiken av storleiken på bidraga til statskassa. At vi lukkast med å halde fram med å hauste energiressursane på norsk sokkel vil leggje grunnlag for enorme bidrag til statskassa og hundretusenvis av lønsame arbeidsplassar, sa olje- og energiministaren.

Lien hevda vidare at eit fleirtal i den norske befolkninga stiller seg bak avgjersla, og løfta fram det breie fleirtalet på Stortinget.

Omstridd utlysning
Utlysninga av 23. konsesjonsrunde har vore svært omstridd.

Mellom anna har fleire organisasjonar og juristar hevda at utlysinga er eit brot på vår grunnlovsfesta rett til eit sunt miljø. Fleire har varsla søksmål.

– Regjeringa må slutte å ljuge om at dei vil beskytte miljø og klima, seier talsperson i Grøn Ungdom, Lage Nøst.

Han meiner runda er i strid med klimaavtalen frå Paris, og vil hindre oss i nå målet om å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 grader.

– Førre veke lova i tillegg Erna Solberg og Barack Obama å verne Arktis, og å vurdere alle prosjekt etter miljø- og klimakriterium. Det er rett og slett løgn at dette let seg kombinere med meir olje- og gassutvinning i nord.

Nøst meiner at ønsket om å kombinere oljebasert økonomisk vestland og trygge oppvekstmiljø ikkje heng på greip.

– Den auka i ledigheita som vi no ser kjem nettopp fordi vi har ført ein for lite grøn politikk. Når alle pengane vert satsa på olje og gass, gjer vi oss sårbare. Vi treng alternativa, og bør i staden satse på til dømes havvind, å utnytte ressursane i havet betre, og å rekruttere til landbruket, seier han.

LES OGSÅ: Norske milliardar til utanlandske "oljemyggar"

 «Kroken på døra for norsk miljøtruverd»
Også Natur og Ungdom steilar mot utlysinga. I ei pressemelding skriv organisasjonen at tildelingane i Barentshavet er kroken på døra for norsk miljøtruverd. Leiar Ingrid Skjoldvær meiner regjeringa gir blanke i miljøfaglege råd, og «viser fingaren til oss som er unge i dag og framtidige generasjonar».

– Fleire av dei tildelte oljeblokkane har tidlegare vorte frårådd lyst ut, eller tilrådd lyst ut med boretidsavgrensingar, av Polarinstituttet og Miljødirektoratet. Fagetatane meiner oljeboring i nærleiken av den såkalla iskanten utgjer ein for stor risiko for dei verdifulle og sårbare økosystema. Natur og Ungdom har saman med norsk miljørørsle krevd at heile runda vert avlyst av omsyn til klimaet.

Dei syner også til ein rapport frå 2015, der forskarar ved University College of London argumenterte for at all olje nord for Polarsirkelen må verte liggjande om verda skal klare å avgrense temperaturauken på kloden til 2 grader. Alle blokkane i 23. konsesjonsrunde ligg nord for Polarsirkelen.

– Latterleg at dette er måten Noreg følgjer opp klimaavtalen frå Paris på, seier Skjoldvær.

Natur og Ungdom meiner utlysinga er i strid med samarbeidsavtalen, og at KrF og Venstre ikkje kan akseptere tildelinga. I avtalen står det at det ikkje skal setjast i gong oljeverksemd ved iskanten.

Snakka ikkje om klimaendringane
Olje- og energiminister Lien hevdar på si side at det ikkje er noko spesielt med dei norske nordområda. Under offentleggjeringa av 23. konsesjonsrunde, sa han at forholda i områda i den norske delen av Barentshavet er heilt annleis enn tilsvarande område like langt nord.

– Det er ikkje så spesielt som somme skal ha det til. Alle som har følgt litt med på skulen veit at Golfstraumen gjer dei klimatiske forholda annleis her enn andre område som ligg like langt nord. Vi har drive leiteboring i Barentshavet i 40 år, og vi veit at enkelte område er enklare enn i andre delar av Norskehavet, medan andre er meir krevjande, sa han. 

Lien avslutta med å seie at om oljeselskapa treff blink, vil Nord-Noreg gå ein ny era i møte.

Klimaendringane sa han derimot ikkje noko om under offentleggjeringa.

– Lien snakka om lokale miljøomsyn, men han tør vel ikkje å nemne klima. Det er ikkje matematisk grunnlag for politikken dei fører, og då er det lettare å snakke om arbeidsplassane enn om kostnadane utlysinga fører med seg, meiner Lage Nøst i Grøn Ungdom.

Kostnadane meiner han det er den unge generasjonen som må ta.

– Ifølgje FNs klimapanel vil ei temperaturauke på kring 4 grader, som vi er på veg mot, koste enorme summar. Ved å pøse kompetanse inn i oljeindustrien og gje full gass i Arktis, vil vi ikkje klare å unngå dei farlegaste klimaendringane. Dermed bidreg politikken til smelte isen og rasere dei sårbare økosystema i nord, seier han.

LES OGSÅ: Lågare interesse for oljeleiting i Noreg