Solberg: Kvar niande kommune må slå seg saman

Minst 50 kommunar må slå seg saman for å oppnå ein ny grense på maksimalt 400 kommunar her i landet, meiner statsminister Erna Solberg (H).

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha maks 400 kommunar

I dag har Noreg 428 kommunar. Til no har berre tre kommunar sagt at dei vil slå seg saman.

Regjeringa vil ikkje ha meir enn 400 kommunar, slår Solberg fast overfor Aftenposten.

LES OGSÅ: Solberg teke på senga av Høgre-brev om kommunereforma

For å oppnå dette talet, må minst 50 kommunar slå seg saman, det vil seie kvar niande kommune.

– Vi gjer jo ikkje dette berre på gøy. Det er for å sikre velferdssamfunnet vårt i framtida. Det er viktig å hugse at ein tredel av kommunane i landet har under 3.000 innbyggjarar. Og over halvparten har under 5.000, seier Solberg, som meiner kommunar må ha ein viss storleik for å ha tilstrekkeleg kompetanse og dermed gi innbyggjarane ansvarlege tilbod.

Kommunar som slår seg saman innan 2017, skal få det Solberg kallar «gulrøter». Men ho avviser fullstendig å svare på kva som skjer etterpå, dersom det då framleis er for mange kommunar her i landet. (©NPK)

LES OGSÅ: Mållaget: – Samanslåingar skvisar nynorsken