≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Kriminalitet, Venstre, Elevorganisasjonen

Snur om narkorazzia på skulane

– Ein liten siger, seier Elevorganisasjonen.

Svein Olav B. Langåker
torsdag 10. mai 2012 15.50

Snur om narkorazzia på skulane Narkoaksjonar vil bli meir vanleg på norske skular. Men no må det innhentast skriftleg samtykke først. Illustrasjonsfoto: Colourbox

I dag har Stortinget diskutert om narkorazziar skal bli vanleg på skular over heile landet. På førehand hadde ein samsrøystes Justiskomite gått inn for dette.

I det opphavlege forslaget ville rettsvernet til elevane blitt grovt svekkja, ifølgje Elevorganisasjonen.

I fjor blei 29 elevar tatt med narkohund på skular i Oslo, ifølgje TV2.

Krev skriftleg samtykke
No har Venstre fått fleirtalet i Stortinget med seg på eit tilleggsforslag som seier at det skal krevjast skriftleg samtykke for å gjennomføra narkorazzia

– Dette tyder ikkje at saka er vunne. Stortinget går enno inn for narkorazziaer i skulane. No må dei likevel ha skriftleg samtykke for å kunne gjere søk på elevar. Dermed kan alle elevar nekte å skrive under, i staden for at ein må reise seg i klasserommet føre medelever og lærarar, heiter det i ei pressemelding frå Elevorganisasjonen som kallar endringa på Stortinget for ein liten siger.

Elevorganisasjonen stiller seg ikkje bak razziaene, men meiner at rettsvernet til elevane ikkje blir redusert til eit ulovleg nivå. Sjølv om det blir lagt opp til fleire razziaer vil det krevjast skriftleg samtykke.

– Treng verkeleg førebygging
Elevorganisasjonen vil krevja at dette må vera varsla, slik at spesielt elevar under 18 år skal kunne nytta retten sin til å diskutera med føresette før dei tek ei avgjerd.

– Vi må satsa på dei verkeleg førebyggjande tiltaka for å få bukt med rusproblema i skulen. Vi treng lærarar som ser kvar enkelt, meir tilgjengelege helsesøstre, eit grundigare informasjonsarbeid ut mot elevane og ein lågare terskel for å ta kontakt dersom ein slit. Hovudansvaret for førebyggjande arbeid mot rus og narkotika i skulen ligg hos skule, kommune og fylkeskommune - ikkje hos politiet, skriv Ingvild Oline Kreÿ og Morten Grinna Normann i Elevorganisasjonen på elev.no.

Kva synst du om politirazziar på skulane i Noreg?


Oppdatert: torsdag 10. mai 2012 16.00
Kommentarar 0



 
ANNONSE: