Snipp, snapp, snute – ikkje meir hurtigrute

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag formiddag var over fem døgns tv-eventyr over då hurtigruteskipet Nordnorge klappa til kai i Kirkenes. Både dronning Sonja og halve kongeriket har følgt ferda.

For dronninga sin del var følgjet av det heilt konkrete slaget. Om bord på kongeskipet Norge følgde ho MS Nordnorge inn til siste stopp i Kirkenes.

Litt etter ruta kunne trossa kastast for siste gong på det som har blitt ei fem dagar lang signingsferd langs kysten. Hurtigruteskipet som har trekt over 2,6 millionar nordmenn til tv-skjermen, var pynta frå baug til hekk. I sann maritim fest-ånd flagra alle signalflagga frå master og piper.

Sidan starten i Bergen sist torsdag, har nordmenn strøymt ut på bryggjer, nes, holmar og skjer. Ein armada av småbåtar har avløyst kvarandre, og alle hurtigerutehamner med respekt for seg sjølv har mønstra korps og kor for å møta Nordnorge og passasjerane og mannskapet om bord.

NRKs direktesending av ein tur med Bergensbanen i fjor overgjekk alle forventningar. «Hurtigruten – minutt for minutt» har engasjert minst dobbelt så mange. På nettet er det livlege – og meir eller mindre seriøse – diskusjonar om kva det neste langsame tv-prosjektet bør bli. (©NPK)

Kvar kunne du tenkja deg å reisa på tv neste gong – minutt for minutt?