Snart får du omsetjing frå nynorsk til svensk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Wikipedia frå svensk til nynorsk

Wikimedia Foundation gir Kevin Brubeck Unhammer eit stipend på 10.000 dollar for å utvikla maskinomsetjing mellom dei skandinaviske språka på Wikipedia.

Stavanger-mannen står bak nynorsk-bokmål-omsetjinga til Apertium.org. Som ein del av prosjektet skal det snart bli mogleg å maskinomsetja mellom nynorsk, bokmål, svensk og dansk på Apertium.org òg.

Det er no mogleg å omsetja mellom dansk og bokmål og nynorsk. Om ikkje lenge er svensk òg tilgjengeleg.

LES OGSÅ: Lær språk – og omset internett

Apertium bruker open kjeldekode, noko som gjer at mange frivillige bidragsytarar samarbeider om å gjera maskinomsetjingane betre. Teknologien kan òg bli brukt på andre plattformar, som til dømes Wikipedia.

– Eg elskar å jobba med maskinomsetjing, seier Kevin Brubeck Unhammer til Framtida.no.

QUIZ: Kor mykje dansk og svensk forstår du?

Han håpar maskinomsetjing for Wikipedia kan føra til fleire artiklar på dei skandinaviske utgåvene av dugnadsleksikonet.

Til vanleg jobbar han med eit prosjekt for Universitetet i Tromsø med ein grammatikkontroll for nordsamisk.

LES OGSÅ: Mistenkeleg gode i nynorsk

Faktaboks

Maskinomsetjing er ei automatisk omsetjing frå éitt språk til eit anna.
I regelbasert maskinomsetjing blir omsetjinga styrt av ei rekkje kompliserte lingvistiske grammatikkar og reglar. På grunnlag av setningane sin syntaks og semantikk siktar ein mot å oppnå ei omsetjing som både er korrekt og vernar om tydinga av den opphavlege setninga.

Kjelde: Wikipedia

Les meir om Innhaldsomsetjing på Wikipedia her!