– Slik bør ungdom få meir makt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

15. desember legg Trond-Viggo Torgersen og resten av Ungdommens maktutgreiing fram sine forslag til korleis ungdom kan få meir innverknad i samfunnet og i kvardagen sin. Framtida.no har fått tak i høyringssvaret til Barneombodet. I dette går ombodet inn for å lovfesta at alle kommunar skal ha ungdomsråd.

Ei undersøking frå 2010 viser at over 62 kommunar er utan medverknadsorgan for born og ungdom. Berre 16 prosent av kommunane meiner dei i stor grad høyrer på ungdom. Til samanlikning er alle kommunar pliktige å ha eldreråd.

Ungdommens nasjonalforsamling
Barneombodet rår til at det blir oppretta ei form for kompetansesenter som kan gi råd, tips og opplæring til arbeidet kommunane gjer når det gjeld medverknad frå barn og unge.

Nasjonalt ungdomspanel gjekk allereie sist vinter inn for å krevja ungdomsråd i alle kommunar.

Barneombodet rår også til at det blir lagt til rette for ei permanent ordning med eit medverknadsorgan på nasjonalt nivå, og rår maktutgreiinga til å følgje dette opp med administrasjonen til Stortinget.

LES OGSÅ: – Fyller viktig hol i demokratiet

Krev klart språk
Barneombodet er uroa over at høyringsnotata som staten og offentlege organ sender ut, er lite tilgjengelege i språk og utforming.

– Vi er uroa over i kva grad barn og unge blir inviterte til å delta i utforminga av politikk, og om interesseorganisasjonane til barn og unge blir inviterte til å delta som høyringsinstansar, heiter det.

Barneombodet meiner at prosjektet «Klart språk i staten» kan brukast til at høyringsnotat får eit enklare og klarare språk og dermed meir tilgjengelege for barn og unge. Dei bed også om at sosiale medium og andre nettløysingar blir brukt meir i høyringar.

LES OGSÅ: Slik påverkar du kommunen din

Vil styrkja elevdemokratiet
Barneombodet føreslår også fleire tiltak for å styrkja elevdemokratiet.

– Svært ofte ser vi at elevråda har svak påverknadskraft på skulen som heilskap. Skulemiljøutval er ofte ikkje-eksisterande, skriv Barneombodet.

Heidi Biseth har forska på elevar og demokrati. I doktoravhandlinga hennar peikar ho på at elevråda ikkje fungerer etter intensjonane, og at skulane ikkje prioriterer dette i form av tid eller ressursar. Ifølgje Biseth meiner lærarane at elevane ikkje er interesserte, men ho meiner dette kan knytast til graden av reell innverknad.

For å bøta på dette, ønskjer Barneombodet kompetanseheving både for lærarstudentar og for lærarar i den norske skulen.

Dei ønskjer også eit kompetansesenter for elevmedverknad etter modell frå Senter for IKT i utdanninga.

KOMMENTAR: Kvifor skal me engasjera oss?

Vil la 16-åringar stemma
Barneombodet bed også om at stemmerettsalderen til blir sett til 16 år ved kommune- og fylkestingsvalet i alle kommunar, og bed om at maktutgreiinga tek initiativ til ein diskusjon om stemmerettsalder ved stortingsval og undersøkje høva for ei forsøksordning nærmare.

Barneombodet rår også kommunane og andre instansar til å opna opp for smalare, men meir saksorienterte ungdomshøyringar på eit systematisk nivå. Barneombodet har ei eiga gruppa med born som har vore mykje på sjukehus, og har hatt møter med born som har opplevd vald i familien eller andre problem.

SKRIVEKONKURRANSE: Korleis bør ungdom få meir makt over eigen kvardag?

Faktaboks

Oppsummerande liste med forslag frå Barneombodet til Ungdommens maktutgreiing:

•  etablere representative råd for ungdom nasjonalt, på fylkesnivå og i kommunane
•  oppretta kompetansesenter som kan gje råd kommunane.
•  gjere Sjumilssteget kjent, målet bør vere at alle kommunar tek i bruk analyseverktøy for å styrkje rettane barn har.
•  senkje stemmerettsalderen til 16 år ved kommune- og fylkestingsval.
•  kompetanseheving både for lærarstudentar og for lærarar i elevmedverknad.
•  kompetansesenter for elevmedverknad.
•  faget elevrådsarbeid blir halde ved like og styrkt.
•  nasjonal koordinering av ungdomsinformasjonskontor.
•  krevje at forvaltninga i større grad høyrer barn og unge i utforminga av politikk.  
•  følgje opp prosjektet «Klart språk i staten».
•  revidere Utgreiingsinstruksen og/eller rettleiaren slik at han i større grad opnar for bruk av nettet.  
•  undersøkje i kva grad komiteane på Stortinget høyrer barn og unge i behandlinga av saker, og ta initiativ til at Stortinget får tradisjon for dette.
•  meir bruk av ekspertmøte og ekspertgrupper på alle nivå.

Sjekk ut heile innspelet frå Barneombodet her!