Skreiv Noregs beste stilar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fridtjov Oos’ legat 2012 er tildelt Maria Folkedal, Berit Einemo Frøysland og Bjarne Bjørnevik. Dei tre er valt ut blant 25 nominerte som alle fekk karakteren seks på nynorsk hovudmålseksamen.

I tillegg til 5000 kroner får dei bli med i ei eksklusiv gruppe av tidlegare vinnarar av legatet, som inkluderer mellom anna Einar Førde, Ottar Grepstad og fleire forfattarar og politikarar.

– Når det gjeld skriftstykke av den typen vi her har å gjere med, der oppgåva i utgangspunktet bind skribenten, har dei som skil seg ut først og fremst ei særskild evne til å forme ein tekst, med analytisk driv og språkleg musikalitet og presisjon. Og gjerne vågemot til å heve seg over utgangspunktet, til å svare også på det oppgåva ikkje eksplisitt spør om, sa Svenn Fosseng frå juryen då han delte ut prisen nyleg.

Han sa også at vinnarane har ein lovande mangel på autoritetsskrekk.

Vil halda fram med å skrive
– Eg er veldig glad for å ha vunne prisen, det er i grunnen heilt uverkeleg. Eg deler tittelen med to andre, og det gjer det litt lettare å fatte. Eg elskar å skrive, så det er fint å få ei stadfesting på at ein gjer ein god jobb, seier Berit Einemo Frøysland frå Lærdal.

– Dette året har eg tatt eit fordjupingsår i scenisk dans, som klassisk ballett, jazz og moderne, ved SpinOff forstudium i Oslo. Det er eit praktisk år med mykje trening, og det har vore veldig givande. Til hausten søkjer eg mellom anna Tekst og Skribent ved

Westerdals, og eg håpar eg kjem inn fordi det verkar som ein kreativ og kvalitetsbasert skule. Eg er rimeleg klar for skulebenken igjen!

– Eg har alltid hatt lyst til å skrive, og har sett meg som eit mål i livet at eg ein dag skal publisere ein roman. Eg er veldig interessert i kunst, kultur og mote, og kan gjerne tenkje meg å jobbe som skribent i eit magasin eller ei avis som har noko med det å gjere.

Elles synest eg frilanstilveret verkar spennande, og eg vil reise mykje.

Les vinnarteksten til Berit Einemo Frøysland her! 

Skal freiste å ikkje bli forfattar
Bjarne Bjørnevik frå Skodje syntest det var overraskande og svært hyggeleg å få vite at han hadde skrive ein så god stil at han vann Fridtjov Oo's legat.

– Eg har likt å skrive sidan eg var veldig ung, så det er også kjekt å få stadfesta det svart på kvitt at ein faktisk ikkje er så reint dårleg til å skrive. Eg må også få nemne at det var utruleg stort å få skryt frå Edmund Austigard og Svenn Fosseng, som sikkert veit kva dei talar om, skriv Bjarne Bjørnevik i ein epost til Framtida.

Til hausten har han søkt seg til Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Eg anar ikkje kva eg skal bli når eg ein dag blir stor. Eg vil iallfall freiste å ikkje bli forfattar, for det er eit vanskeleg yrke som ofte òg er dårleg løna. Dessutan kan ein risikere å få for mykje merksemd rundt seg dersom det skulle vise seg at ein til alt overmål også er flink til å skrive. Eg har alltid sett for meg at eg endar som ein tweedkledd, Ibsen-deklamerande pedagog i det offentlege skuleverket med ein lidenskap for god raudvin og gamle forfattarar, men det er nok mest ein våt drøm. Frå spøk til revolver så reknar eg må ende opp som bibliotekar eller arkivar eller journalist eller noko i den duren.

Les vinnarteksten til Bjarne Bjørnevik her! 

Brenn for nynorsken
– Det var veldig oppmuntrande og inspirerande for meg å vinne prisen, sjølv om det er rart å tenkje på at eg er blant dei tre beste i nynorsk i mitt eige kull – har på ein måte ikkje heilt skjønt det! Det er jo så mange flinke der ute! skriv Maria Folkedal frå Granvin til Framtida.no.

– Eg synest det er ekstra gjevt at det var snakk om akkurat nynorskeksamenen, for eg brenn veldig for bevaring av nynorsk. Det er eit veldig fint og varmt skriftspråk som blir undervurdert av altfor mange! Skrivegleda er òg på topp!

Maria Folkedal var avgangselev på Voss Gymnas i fjor. Ingen andre skulestader i Noreg har uteksaminert så mange vinnarar av Fridtjov Oos’ legat.

I år har ho tatt seg eit år på vokallinja ved Follo Folkehøgskule. Og til hausten har ho søkt seg inn på journalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Dersom det ikkje blir aktuelt endar eg opp på lektorutdanning med integrert master i nordisk, med sidefag i historie. Eg håpar på å kunna fortsette å skrive, enten det vert som journalist eller på andre måtar. Kanskje endar eg opp som norsk- og historielærar i staden. Det vil framtida vise.

Les vinnarteksten til Maria Folkedal her!