«Skikkelig irriterande folk»

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er mange eigenskapar som er viktige om ein skal gjere det stort i politikken. Ein bør vere seriøs, har stor arbeidskapasitet, vere god til å samarbeide, flink til å sjå samanhengar, kunne argumentere godt for seg i debattar. Alt dette er opplagte greier. I tillegg gjer det sjølvsagt ikkje noko om du har sjarm og talegåver. Det skadar heller ikkje å kunne begeistre folk. Bra ting for politikarar, alt dette. Men det spørst nok om ikkje det er ein annan eigenskap som er den aller viktigaste, som verkelig skil dei som driv det til noko frå alle dei som berre nesten driv det til noko. Og det er evna til å terge opp folk.

Det er det som er nøkkelen til suksess i politikken. Å vere irriterande. Så irriterande at det er umulig å ikkje la seg trekke opp, sjølv om du eigentlig veit betre. For det er det som er saka med politikarar som er skikkelig gode til å terge opp folk. Folk lar seg faktisk terge opp. Sjølv om alle eigentlig veit at det er ingenting å tene på det.

Alle veit for eksempel eigentlig at det ikkje kjem noko godt ut av å la seg irritere av Sylvi Listhaug.

Alle veit eigentlig at kvar gong ein kjenslevar og blodfattig vegetarianar som driv med friteater for døve seier at Listhaug er kald, då går FrP fram med eit halvt prosentpoeng.

Kvar gong ein kulturarbeidar skriv ein overtydelig Listhaug-vits på Facebook og er ganske fornøgd med seg sjølv, går Frp fram med null komma sju.

Kvar gong ein ungdomspolitikar blir raud i kjakane, går Frp fram med ein komma to.

Kvar gong ein biskop blir moralsk og seier noko absolutt sjølvsagt som om han var den første som hadde komme på det, så går Frp fram ein komma tre.

Kvar gong ein politisk motstandar prøver å gi uttrykk for at dei støttar politikken til Listhaug, men ikkje kan fordra måten ho snakkar på, då går ho fram med to komma tre.

Alle veit dette. Likevel klarer ingen å la vere. For ho er så sanselaust irriterande der ho sitt og ser snusfornuftig ut og gir seg ut for å alltid snakke for folket og nasjonens beste, medan alle andre berre lar seg styre av kjensler.

Jonas Gahr Støre hadde noko av det same den gongen for lenge sidan då han var Norges mest populære politikar og målingar viste at 130% av det norske folket ville ha han som statsminister, og sannsynligvis også store deler av folket i andre land. Han var irriterande fordi han var så flink. Fordi det var umulig å sette han fast. Likevel var det umulig å ikkje prøve. Sjølv om alle eigentlig visste at det var ingenting å tene på det. Alle visste eigentlig at kvar gong ein stotrete jypling prøvde å kritisere Støre for å vere glatt, gjekk Ap fram med null komma seks. Kvar gong nokon med røykhoste prøvde å trekke i tvil inderligheita i engasjementet hans fordi han har pengar, gjekk Ap fram med tre komma to.

Alle visste dette. Men likevel klarte ingen å la vere. For han var berre ei så utrulig irriterande snakkemaskin.

Det var greiare med slike irriterande folk på skulen. På vidaregåande, for eksempel. Då let vi dei berre få lov til å vere elevrådsleiarar. Det var det ingen andre som hadde lyst til uansett. Og så satt dei der og var irriterande i elevrådet utan at vi andre måtte bry oss om det. Vinn-vinn.

Problemet no er at dei irriterande folka får verv og jobbar som ganske mange andre har lyst på, og som faktisk betyr noko.

Det er ganske irriterande, faktisk.


Først publisert i Aftenposten 13. februar.

Har du lyst på meir? Les fleire Kalvø-tekstar her!