Tema: Kommunikasjon, facebook

Single menn styrer på Facebook

Menn som er over 31 år og singel har blant dei som har mest å seie på Facebook, viser ein ny studie.

NPK
fredag 22. juni 2012 13.14

Single menn styrer på Facebook Single menn over 31 styrer Facebook. Bilete: Colourbox.

Forskarar ved New York University har granska 7.730 Facebook-brukarar og sett på kven som startar nye trendar og påverkar kva andre klikkar på og les, såkalla opinionsleiarar, skriv vitskapsbladet New Scientist.

Les òg: Difor funkar Facebook

Studien viser at menn har 49 prosent sterkare påverknadskraft enn kvinner. Samtidig er kvinnene 12 prosent mindre påverkelege enn menn. Studien viser også at kvinnene har 46 prosent sterkare påverknadskraft overfor menn enn overfor andre kvinner. (©NPK)

Les òg: Facebook vil ha telefonnummeret ditt


Oppdatert: måndag 25. juni 2012 11.03
Kommentarar 0