Sidemålsforslag skapar sinne i Bergen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidemålsforslag skapar sinne

Bystyrerepresentant i Bergen Jakob Mæhle (H) meiner elevar vil bli betre i hovudmål om sidemålet blir valfritt, og seier han har brei semje om forslaget i partiet sitt. Det opplyser NRK Hordaland.

Forslaget er å gjera sidemålet valfritt på vidaregåande skular i Bergensområdet, og får leiar i Hordaland Mållag, Astrid Olsen, til å reagera sterkt.

– All forsking syner at dersom ein lærer begge målformer, blir ein betre i hovudmålet. Dette vil ikkje styrka norskopplæringa, og er eit reint populistisk forslag frå Høgre, fullt av forakt for dei som ikkje er med i fleirtalet, seier Olsen til NRK.

LES OGSÅ: Vil at innvandrarar skal få læra nynorsk

Ho får støtte frå mellom anna Øystein Hassel, ungdomskandidat for Arbeidarpartiet i Bergen.

– Ein kan ikkje grunngje det å ta bort sidemålet med at elevane skal bli flinkare i eit språk. Snarare tvert om, seier Hassel til NRK.

Arbeidarpartiet og Høgre har stått på kvar si side i målsaka tidlegare. I fjor haust foreslo nestleiar i Oslo Ap, Khamshajiny Gunaratnam, at halvparten av pensum i alle fag skulle vera på nynorsk.

Den gongen reagerte Oslo Unge Høgre sin leiar, Jenny Clemet von Tetzchner, med å kalla forslaget meiningslaust. Ho ville sidestilla nynorsken med gamalnorsk og norrønt.

LES OGSÅ: – Nynorsk is a better language