Set kursen mot Legoland

Ved å engasjere deltakarane til å finne konkrete løysingar vil NHH-Symposiet vise vegen mot år 2050.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå Egoland til Legoland

Seks småspringane unge menn i raude trikotar ynskte deltakarane velkommen til årets NHH-Symposium. Under temaet «Frå Egoland til Legoland – byggeklossar for framtida» oppfordra NHH-studentane nordmenn til å bli flinkare til å jobbe saman, og ikkje tru at løysingane til gårsdagen er svaret på utfordringane til framtida.

– Vi har ynskt å engasjere deltakarane våre til å finne konkrete løysingar på utfordringane vi vil få i framtida, seier leiar for symposiet Harald Holm. Han har leia 305 frivillige NHH-studentar i arbeidet med konferansen.

Engasjert statsråd
Blant foredragshaldarane var nærings- og handelsminister Trond Giske. Han var imponert over arbeidet til studentane med symposiet.

– Det som er veldig positivt med dette arrangementet er at det ikkje berre er næringslivsaktørar og inviterte frå ulike institusjonar som deltek, men at òg studentane er med, seier han.

Giske fokuserte i foredraget sitt på at vi i Noreg må bli flinkare på å konsentrere oss om nokre næringsområde, og tørre å hylle einarane.

– Eit lite land vil aldri bli verdsmeister i alt. Vi må spisse innsatsen inn mot nokre område der vi har spesielle fortrinn. Så må vi bidra til å lage ein prestasjonskultur i næringslivet, akademia og det offentlege, og belønna dei som gjer ein ekstra innsats.

Vil setje agendaen
Leiaren for NHH-Symposiet var stornøgd etter konferansen, og håpar løysingane dei har kome fram til vil føre til reelle endringar.

– Vi skal lage ein sluttrapport for å forevige løysingane vi har kome fram til under NHH-Symposiet. Målet vårt er at han skal nå politikarane og andre som bestemmer i samfunnet, og Sigbjørn Johnsen har allereie sagt han vil ha rapporten på bordet sitt, seier Holm.

Krev å bli høyrt
Auka kontakt mellom vitskapleg tilsette og studentar er eitt av forslaga Studentrådet meiner vil gjere Noreg betre rusta for framtida.

Nærings- og handelsminister Trond Giske oppretta eit studentfritt 2020-råd til å sjå på utfordringane til framtida. NHH-Symposiet svarte med å opprette sitt eige studentråd, og under den første dagen til symposiet overleverte dei rapporten sin til statsråden.

– No skal eg først og fremst lese rapporten, så skal eg spreie han til dei av kollegaene mine han er relevant for, særleg høgare utdanningsministeren. Så får vi sjå kva som kan gjennomførast av forslaga i rapporten, seier Giske.

Forsiktige ambisjonar
Leiaren av Studentrådet, Erle Holstad Wright, meiner det er viktig at stemma til studentane blir høyrt av dei som bestemmer i samfunnet, men er måtehalden i forventningane til kva rapporten vil føre til.

– Vi forventar ikkje at alle dei konkrete tiltaka vi presenterer i rapporten blir realisert i den forma dei finst no. Men viss nokre av ideane kan inspirere til å ta grep og sette fokus på dei områda vi har vektlagt, er vi godt nøgde, seier Wright

Vil involverast i forsking
Eit av hovudpunkta i rapporten fokuserer på at studentane må involverast meir i forskingsarbeidet som blir gjort ved utdanningsinstitusjonane, og at studentane må sjåast på som ein ressurs.

– Vi studentar vil bidra med friske innspel og nye vinklingar, og vise kva vi er gode for. Vi vil vise kor flinke vi er, og for at det skal skje må dei som sit og styrer ta grep, seier Wright.

Giske er samd i at auka involvering av studentane i forskinga er eit ideal å strekkje seg etter.

– Då eg var utdanningsminister, fokuserte eg på å gjenskape meir av kontakten mellom vitskapleg tilsette og studentane med seminar og arbeidsgrupper. Denne kontakten er veldig viktig, òg for dei vitskapleg tilsette, seier han.

Vil reise men ikkje flytte
Berre åtte prosent av bachelorstudentane ved Noregs Handelshøgskole (NHH) reknar med å ta seg jobb utanlands etter utdanninga. Det tilsvarande talet for Handelshøgskolen i Stockholm er 21.

– Vi ynskte å finne ut kvifor det er slik, seier Solveig Lillebø, som har leia studentdelen av arbeidet med rapporten.

Talmaterialet som studentane har samla inn har vorte analysert av fagfolk ved NHH. Der framgår det at spenning og høvet for å utvikle kunnskapar knytt til språk og kultur skårar høgt blant dei som seier dei ynskjer å jobbe utanlands.

– På den anna side er det omsynet til ektefelle eller partnar som er han absolutt viktigaste barrieren blant dei som ikkje ynskjer å jobbe i utlandet, siar Lillebø.

I undersøkinga kjem det òg fram at berre kvar fjerde NHH-student trur ho kan tene betre ved å reise utanlands for å jobbe. I dei andre skandinaviske landa er omlag halvparten villige til å reise ut.

– Ein kuriositet er òg at nesten kvar tredje finne og nordmann reknar det som eit hinder for å flytte utanlands at dei då ikkje vil kunne nyte naturen i sitt eige heimland. Berre éin av ti svenske og danske studentar svarar det same, fortel Lillebø.

LES SAKA I STUDVEST (på bokmål)!

Faktaboks

Forslaga frå Studentrådet:
* Globalize this! Nettportal for videokonferanser og chatterom, der elevar i grunnskulen kan samhandle med elevar i andre land
* Fokusere på mandarin, arabisk og hindi i fremadspråksopplæringa i grunnskulen
* Auke kontakten mellom vitskapleg tilsette og studentar på universitets- og høgskulenivå.
* Fleire trainee- og praksisstillinger, òg i offentleg forvaltning.
* Innføre dobbeltutdanning, der halve utdanninga blir gjennomført i eit føretak.
* Styrke skulerådgjevinga i grunnskulen.
* Opprette Norsk Mentororganisasjon for å dekke erfaringsgapet mellom eldre og yngre medarbeidarar i føretak.
* Opprette eit Vekstøkonomifond bl.a for å gje studiestøtte til det første året i utanlandske fireårige bachelorgradar.
* Satse på spesialisering framfor breidde i forskinga.