Santa Lucia på nynorsk
Søndag 13. desember er det tid for den årlege luciadagen med luciatog og song. Teksten til den kjende songen Santa Lucia finst òg på nynorsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er særleg katolikkane i Italia som tradisjonelt har feira den sicilianske martyren Lucia kvart år før jul. Etter kvart har likevel skikken spreidd seg også utanfor den katolske kyrkja, mellom anna til Sverige, der luciafeiringa har stått sterkt sidan 1850-talet. Dei seinare åra har også nabolanda tatt etter dei svenske luciatoga i adventstida, mellom anna Noreg.
LES OGSÅ: Frå Lussi-frykt til Lucia-fest
Frå Italia
Luciasongen stammar opphavleg frå Italia og har i Noreg fått norsk tekst av forfattaren Ingvar Moe. Slik stod han på nettsidene til Ivar Aasen-tunet tidlegare:
Santa Lucia
Natta har svart og stor
gøymt stall og stover.
Sola har gått sin veg.
Dagen er over.
Inn i vårt mørke hus,
stig no med kveikte lys,
Santa Lucia, Santa Lucia.
Natta er mørk og stum.
Med eitt det susar
i alle stille rom
som venger brusar.
Sjå på vår terskel står,
kvitkledd med lys i hår,
Santa Lucia, Santa Lucia.
«Mørkret skal fara snart
frå fjell og dalar.»
Slik ho eit underfullt
ord til oss talar.
Dagen skal atter ny
stiga av raude sky.
Santa Lucia, Santa Lucia.
Oppdatert: Dette er ikkje den originale Ingvar Moe-teksten. Les meir om jakta på det nynorske Santa Lucia-mysteriet her!