Så mykje vil regjeringa bruka på veg

1,4 milliardar meir til vegar og hundre millionar meir til jernbane.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mykje meir til veg og jernbane

– Regjeringa foreslår auka løyvingar til veg og bane, med vekt på å betre tryggleiken og høve til å koma fram. Oppgradering og auka vedlikehald i vegtunnelar er særleg prioritert, saman med auka vedlikehald av vegdekke og løyvingar til gong- og sykkelvegar, miljø- og trafikktryggleikstiltak, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

For fylkesvegane tyder forslaget eit løft, gjennom auka statleg tilskot til fornying og opprusting. I tillegg foreslår regjeringa at rentekompensasjonsordnings for fylkesvegar blir vidareført med ein låneramme på to milliardar kroner per år. Den førre regjeringa foreslo at ordninga med årlege lånerammer skulle avviklast frå og med 2014.

Meir asfalt
Regjeringa aukar forslaget til løyvingar for vegformål med 1406 millionar kroner eller 6,2 prosent, samanlikna med tidlegare forslag til 2014-budsjett:

• Av den foreslegne auken går 400 millionar kroner til vedlikehald på riksvegnettet, 946 millionar kroner skal nyttast til investeringar, medan om lag 60 millionar kroner gjeld posten "Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka".
• Av dei auka løyvingane til vedlikehald skal 100 millionar kroner nyttast til legging av vegdekke, slik at det neste år blir brukt 1,1 milliardar kroner til dekkelegging. Dette tyder at vedlikeholdsetterslepet for vegdekke ikkje vil auke.
• Resten av dei auka vedlikehaldsmidlane, 300 millionar kroner, går til vedlikehald i tunnelar.
• Regjeringa aukar forslaget til løyvingar til investeringar på riksvegnettet med 946 millionar kroner.
• Av dette skal 500 millionar kroner nyttast til fornyingstiltak, i hovudsak oppgradering av tunnelar og til arbeid på strekningar med sterkt behov for fornying.
• 35 millionar kroner går til å starte førebuande arbeid på E134 Seljord –Åmot i Telemark. Prosjektet har eit kostnadsoverslag på 315 millionar kroner. Det er lagt opp til anleggsstart i 2015, med fullføring i 2018. Regjeringa går inn for at utbygginga skal gjennomførast utan bompengar.
• 50 millionar kroner går til prosjektet E16 Varpe bru – Smedalsosen i Oppland og Sogn og Fjordane.
• 220 millionar kroner er sett av til fleire mindre investeringstiltak, blant anna gong- og sykkelvegar og miljø- og trafikktryggleikstiltak.
• Regjeringa aukar forslaget for tilskot til fornying og opprusting av fylkesvegar med 280 millionar kroner.
• Jarnbane: 100 millionar kroner meir til drift og vedlikehald

Opprettar infrastrukturfond
Regjeringa vil oppretta eit infrastrukturfond på 100 milliardar kroner som skal byggjast opp over inntil fem år. Avkastinga skal øyremerkast statsbudsjettet til veg-, jernbane- og kollektivnettet og til breiband og IKT-infrastruktur.

Det blir foreslått å etablere fondet med eit kapitalinnskot i 2014 på 20 milliardar kroner. Fondskapitalen vil gje grunnlag for avkasting og utbetaling frå fondet i 2015.

Regjeringa vil i statsbudsjettet for 2015 kome tilbake med forslag til korleis midlane skal fordelast mellom dei ulike formåla.