Rekordmange arbeidslause i verda
Ungdommen er hardast ramma.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fire millionar mista jobben i fjor. I år vil talet på arbeidslause i verda auka til rekordhøge 202 millionar, spår FNs arbeidsorganisasjon ILO.
Organisasjonen reknar med at fem millionar menneske kjem til å bli arbeidslause i 2013.
– Desse tala inneber at det er 28 millionar fleire arbeidslause rundt om i verda enn i 2007, sa ILO-sjef Guy Ryder då ILO la fram den siste rapporten sin måndag.
Talet er også venta å stiga i åra framover, og vil truleg vera oppe i vel 210 millionar innan 2017.
– Utviklinga går i feil retning, seier Ryder, som meiner å sjå ei klar forverring i situasjonen for dei arbeidslause.
Ungdommar er hardast ramma. I fjor var den globale arbeidsløysa blant ungdommar mellom 15 og 24 år på 12,6 prosent. I 2017 vil dette ha auka til 12,9 prosent, ifølgje ILO. (©NPK)
Kva meiner du bør gjerast for at fleire ungdommar skal sleppa å gå arbeidsledige?