Regjeringa seier ja til sjødeponi i Førdefjorden
Klima- og miljødepartementet har gitt utsleppsløyve til sjødeponi for gruveavfall i Førdefjorden. Det kan bety slutten for det einaste kjende kystgyteområdet for den trua arten blålange.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ja til sjødeponi i Førdefjorden
Utsleppsløyvet kjem trass i at Miljødirektoratet har åtvara mot sjødeponiet. Planane har også opprørt miljørørsla, og fleire av partia på Stortinget – deriblant støttepartiet Venstre – har kravd at regjeringa seier nei.
Næringsminister Monica Mæland (H) meiner på si side at gruveprosjektet i Engebøfjellet i Naustdal og Askvoll vil bidra til viktig verdiskapning i lokalsamfunna.
Gruva kan gi jobb til 500 på landsbasis.
– Noreg treng fleire bein å stå på. Engebøprosjektet skal hente ut verdifulle mineral, som blir brukt i alt frå tannkrem til måling og som metall i fly og sportsutstyr, seier Mæland.
LES OGSÅ: Kritisk til hemmeleghald om Førdefjorden
Kan ramme fleire fiskearter
Miljødirektoratet har i si tilråding i saka peikt på at sjødeponiet vil kunne få vesentleg negativ effekt for kysttorsk, ål, pigghå og blålange.
Undersøkingane som er gjort, viser at blålange og pigghå sannsynlegvis har gyte- og oppvekstområde i det planlagte deponiet. Dei to artane er begge oppførte på raudlista over trua artar. Sjødeponiet vil fjerne det hittil einaste kjende kystgyteområdet for blålange.
Risikoen for spreiing av partiklar ut av deponiområdet blir derimot sett på som låg.
Strenge vilkår
Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) seier i ein pressemelding at ho «har lytta til tilrådinga frå Miljødirektoratet». Likevel seier ho ja til sjødeponiet.
– Det blir stilt omfattande vilkår for å hindre negative miljøeffektar. Med streng overvaking av fjorden skal vi kunne følgje nøye med på mogleg påverknad av det biologiske mangfaldet og nærliggjande vassdrag. Også omsynet til sjømattryggleik er viktig, seier Sundtoft.
Klima- og miljødepartementet konkluderer med at det er lite sannsynleg med «alvorleg skade» på bestandane av pigghå og blålange, men vedgår at det vil kunne ta lengre tid før bestandane er tilbake på ønskt nivå.
Miljødirektoratet skriv i si tilråding at sjødeponiet ikkje vil ha «kritisk betyding» for desse artene nasjonalt, men at effekten vil kunne bli «vesentleg negativ».
LES OGSÅ: – 2014 var eit tapt år for miljøet
Motstand på Stortinget
Både Venstre og SV har kravd at regjeringa må seie nei til sjødeponiet for gruveavfall i Førdefjorden.
– Verdiane i fjorden er for viktige til at vi skal sette dei på spel for kortsiktige næringsinteresser og attpåtil på kostnad av langsiktige næringsinteresser som fiskeri og havbruk representerer, seier Venstres nestleiar Ola Elvestuen. (©NPK)