PST vil bli meir aktive på Facebook

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

PST vil bruka Facebook

PST fekk mykje merksemd da nokon retta ein terrortrussel mot Noreg i sommar. Sjølv om etterretningstenesta ikkje publiserte eitt einaste ord på Facebook den veka det stod på, fekk PST dobbelt så mange følgjarar.

LES OGSÅ: Når tala er viktigare enn resultatet

– Når utviklinga er slik på ei side som nesten er død, viser det at vi har eit potensial. Eg trur nok at vi om relativt kort tid kjem til å revurdere bruken av Facebook-sida, seier seniorrådgivar Martin Bernsen i PST til Politiforum.

PST har vore på Facebook lenge, men valde å trappe ned aktiviteten fordi folk la ut truslar og sjikane på sida. Det toppa seg da nokon la ut ein Muhammed-karikatur på sida i 2010. No trur PST tida er inne for å revurdere strategien.

– Vi får mange tips på Facebook, og særleg om ting folk finn på internett. Det kan vere at dei ber oss sjå på bestemte personar, seier Bernsen.

LES OGSÅ: Meiner terroralarmen skapte unødvendig frykt