«Persona non grata» i Vest-Sahara

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uønska i Sahara

Det fekk Dan Marius Svendsen (28) og tre andre frå Støttekomiteen for Vest-Sahara merke då dei første veka i mai reiste til området for å snakke med menneskerettsaktivistar.

– Nattbussen frå Marrakech til Layoune vart stoppa i tre checkpoints. Kvar gong kom vaktane direkte til oss og bad om passa våre. På det siste stoppet før Layoune vart vi tatt ut av bussen og brøla til på fransk og arabisk. Etter nokre minutt begynte ein av dei uniformerte mennene å snakke til oss på engelsk. Dei spurde kva vi skulle, og vi forklarte at vi var turistar. Etter meir kjefting og brøling fekk vi lov til å reise vidare.

Framme i Layoune nord i Vest-Sahara, gjekk reisefølgjet på kafé. Medan dei drakk kaffi og diskuterte korleis dei skulle komme seg til hotellet, ringde kontaktpersonen.

– Vi fekk vite at han sat og venta i ein stor Mercedes på andre sida av gata, og at vi skulle gå mot bilen. Idet vi kom ut frå kaféen, vart vi omringa av 15 sivilkledde menn.

 

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/sahara3.jpg

 

Saharawiane og Vest-Sahara

Etter å ha vore okkupert av Frankrike på 1700-talet, og Spania frå og med Berlin-konferansen i 1884, vart Vest-Sahara i 1975 delt mellom Marokko og Mauritania. Dei mauritanske myndigheitene trakk seg fire år seinare ut, medan Marokko framleis okkuperer området.

I sentrum for frigjeringskampen står saharawiane, nomadefolket som har vandra i området i tusenvis av år. I 1991 forhandla FN fram ein fredsavtale mellom marokkanske myndigheiter og saharawi-rørsla Polisario. Ei FN-styrt fredsbevarande styrke – MINURSO – kom på plass. Målet var ei folkerøysting om sjølvstende året etter. Den er framleis ikkje gjennomført.

– Saharawiane har tradisjonelt vore nomadar. Kvifor er det viktig for dei å ha ein eigen stat, ein Den saharawiske arabiske demokratiske republikk?

– Problemet er først og fremst at Marokko ikkje behandlar dei som resten av befolkninga si, forklarar Dan Marius Svendsen. – Og at dei tar lokalbefolkninga sine ressursar.

Svært mange av saharawiane er på flukt, over 160000 av dei til Algerie. Svendsen fortel at han berre fekk 45 minutt i Layoune før han vart arrestert, og at han derfor ikkje fekk gjort seg opp eit inntrykk av korleis saharawiane som er igjen i landet har det.

– Men i Marrakech drakk vi te med seks saharawiske studentar i 40 minutt før politiet kom og sendte oss tilbake til hotellet. Dei fleste hadde «typiske» saharawiske navn, noko som førte til at dei vart diskriminerte på skulen og andre stadar ein må legitimere seg.Mannen i gata i Marokko har eit bilde av Vest-Sahara og saharawiane som eit lite takknemleg folk. Dette har eg sjølv høyrt. I media og på skulen får folk vite at kongen har gjort veldig mykje bra for saharawiane, men at dei ikkje bryr seg.

Frankrike blokkerer

I Layoune skulle dei fire nordmennene møte ein representant for organisasjonen Sahrawi Association of Victims of Grave Human Rights Violations Committed by the Moroccan State.

–  ASVDH har som mål at menneskerettane skal respekterast. Vår kontaktperson jobbar spesielt for at MINURSO-styrkane skal få mandat til å rapportere brota på menneskerettane dei oppdagar. Dette blir stadig diskutert i FN sitt sikkerheitsråd, men alltid blokkert av Frankrike som er ein god alliert av Marokko.

– Kva er Norge si haldning til konflikten?

– Kort fortalt har Norge sagt at folkerøystinga som vart lova i fredsavtalen frå 1991 må gjennomførast før vi kan akseptere ei eventuell annektering.

 

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/saharasist.gif

Oljefunn kan vere spikaren i kista

Fleire norske selskap har blitt kritiserte for å investere i Vest-Sahara, og i mars i år melde NRK at Oljefondet er blant dei største eigarane i eit amerikansk selskap som planlegg oljeboring utanfor Vest-Sahara. Ifølge Dan Marius Svendsen vil eit oljefunn vere slutten for draumen om å gjennomføre ei folkerøysting.

– På noverande tidspunkt veit ein ikkje om det er olje i havet utanfor Boujdour. Det ein veit, er at norske selskap har vore inne og tatt seismikkprøvar. Ein veit også at det er bestillt ein borerigg frå Korea, men ikkje kor denne er for tida, eller kvar den skal. Finn dei olje langs kysten er det siste spikaren i den allereie lukka kista for draumen om ei folkerøysting.

– Kvifor?

– Cash is king. Havet utanfor Vest-Sahara er eit av dei rikaste på fisk. Finn dei olje i tillegg, vil Marokko i alle fall ikkje gi slepp på området.

Vart pressa av 15 sivilkledde menn

Hovudprosjektet til Støttekomiteen for Vest-Sahara (SKVS), er å spreie informasjon om ei konflikt som ofte dukkar opp på lister over gløymde katastrofar. Kor vanskeleg det kan vere å få denne informasjonen, fekk Dan Marius og reisefølgjet erfare.

– I det vi kom ut frå kaféen strømma det altså til menn som pressa oss inn på eit lite kontor i nabobygget. Vi forsto ingenting, måtte gi frå oss passa våre, og vart ignorerte då vi spurde kven dei var og om vi kunne få sjå legitimasjon. Etter ca. 50 minutt vart vi pressa inn i ein gamal Mercedes. Denne tok oss tilbake til siste grensestasjon før byen. Vi hadde framleis ikkje fått passa våre tilbake, eller anna informasjon enn kjefting på eit språk vi ikkje forstod, og eg må innrømme at eg, ein stille og roleg tobarsfar som til vanleg jobbar i barnehage blir lydhøyr når folk med pistolar brøler til meg …

Frå grensestasjonen i saharaørkenen vart dei fire nordmennene etter kvart køyrt ein elleve timar lang biltur – til turistbyen Agadir.

Framme i Agadir følgde dei etter oss overalt, og i ettertid har vi også fått vite at ein av studentane vi møtte i Marrakech har mista retten til å studere blant anna fordi han trefte oss.

Saka vart først publisert på Magasinett.no

Faktaboks

Marokko er eit monarki i Nord-Afrika med ei lang kyststripe mot Atlanterhavet.

Hovudstaden er Rabat, og det finansielle sentrum er Casablanca.

Landet byr og på feriebyane Marrakech og Agadir.

Etter å ha vore okkupert av Frankrike på 1700-talet, og Spania frå og med Berlin-konferansen i 1884, vart Vest-Sahara i 1975 delt mellom Marokko og Mauritania.

I sentrum for frigjeringskampen står saharawiane, nomadefolket som har vandra i området i tusenvis av år.

I 1991 forhandla FN fram ein fredsavtale mellom marokkanske myndigheiter og saharawi-rørsla Polisario.

Ei FN-styrt fredsbevarande styrke – MINURSO – kom på plass. Målet var ei folkerøysting om sjølvstende året etter. Den er framleis ikkje gjennomført.