≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Helse, Psykologi

På verdstoppen i sjølvmord

Noreg er kanskje verdas beste land å bu i, men er på verdstoppen i sjølvmord. Unge menn utgjer ein stor del av statistikken.

Øystein Espe Bae
måndag 10. september 2012 14.09

På verdstoppen i sjølvmord SJØLVMORD: Grunnen til at det er fleire gutar som tek sjølvmord enn unge jenter, kan vere at dei snakkar mindre om problema sine. Illustrasjonsfoto: Colourbox

I dag, måndag, er verdsdagen for sjølvmordsførebygging. I Noreg er talet på sjølvmord meir enn dobbelt så høgt som på omkomne i trafikkulukker. Verst er statistikken for unge menn: I fjor tok 59 unge menn under 25 år livet sitt, mot 13 unge kvinner.

Myteknusing
Sidan årtusenskiftet har meir enn 6500 menneske teke livet sitt her til lands, og forsking har vist at opp mot 40% av oss vil få ei eller anna form for psykisk liding i løpet av livet.

Lars Mehlum er professor i suicidologi og psykiatri ved Universitetet i Oslo, og er leiar for Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking. I høve markeringa av verdsdagen for sjølvmordførebygging, understrekar han i ei pressemelding at det finst mange myter om sjølvmord, myter som kan vere med på å hindre at førebyggjande tiltak vert sett i verk.

– Mytene om sjølvmord kan hindre oss i å gripe inn når vi ser nokon som slit. Difor må mytene fjernast. Sjølvmord vedkjem alle, og tek du det på alvor kan du redde liv, seier Mehlum.

Les også: Kan vi stole på psykiatrane?

Snakk om det!
Ei av desse mytene handlar om at det å snakke om temaet i seg sjølv kan vere med på å framprovosere sjølvmord.

– Å få snakke om eit så vanskeleg og djupt personleg tema, vil opplevast som lindrande og som ei lette for dei fleste, meiner Mehlum.

Han meiner at kjønnsskilnadane – fem gongar fleire unge gutar tek sjølvmord enn unge jenter – kan skuldast at unge gutar kan vere mindre flinke til å snakke om problema sine til andre. Sjølvmord er ofte impulsive, og gutar sine val av metoder gir ofte høgare dødsrate enn hos kvinner.

Les også: Ingen samanheng mellom bruk av Facebook og depresjon

Mogleg å føreseie
Forsking har vist at det i nokre situasjonar kan vere mogleg å føreseie eit sjølvmord.

– Rundt 70 % av dei som tek livet sitt har vist risikoteikn på førehand, men det er heldigvis berre eit fåtal av dei som viser risikoteikn som faktisk gjer sjølvmord, poengterar Mehlum.

Mehlum meiner difor at mange sjølvmord kan førebyggast.

– Sjølv personar som har klare sjølvmordstankar ønskar ofte også å leve vidare, ein kan hjelpast til å velje livet. Fordi impulsen til å ta sitt eige liv ofte er kortvarig, veit vi at å avgrense tilgongen til sjølvmordsmidlar fungerar veldig godt, seier sjølvmordforskaren.

Les også: Å vere innovervend er bra


Oppdatert: måndag 10. september 2012 14.19
Kommentarar 0

På verdstoppen i sjølvmord
SUICIDOLOGI: Professor Lars Mehlum forskar på sjølvmord ved Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og førebygging. Foto: UiO


Faktaboks

Farlege signal/situasjonar:

  • -Sosial tilbaketrekking/isolasjon
  • -Aukande bruk av rusmiddel
  • -Psykiske lidingssymptom, spesielt depresjon
  • -Tidlegare selvmordsforsøk
  • -Sterk angst og/eller indre uro
  • -Snakkar om å døy eller om sjølvmord
  • -Faresituasjonar
  • -Tap eller brot i nær relasjon
  • -Utsett for vald eller psykiske traumar
  • -Nyleg fått diagnostisert alvorleg kroppsleg sjukdom

 
ANNONSE: