På vakt med hundepatruljen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Avisa Hordaland.

Bjørn Rolland trykker på ein knapp, og sirena utløysast. Det iskalde blålyset vert kasta rundt i eit jamt tempo, medan bilen manøvrerast smidig gjennom smale gater.

Bjørn ser konsentrert framfor seg og kastar eit blikk til sida, før bilen køyrer ut på motorvegen i rasande fart. Han retter på den svarte politicapsen og tar eit raskt blikk i sidespeilet.

Hunden Cooper gjer frå seg eit spent ul frå buret i bagasjerommet. Labbane skrapar mot gitteret. Bjørn og makkeren Christoffer Lysvik gjer seg klar for nattevaktas første oppdrag; ein redningsaksjon. For dei er dette ein heilt vanleg dag på jobb. Hundepatruljen er alltid budd.

LES OGSÅ: – Ein må tenkje som ein banditt

– Då eg var liten, og fekk ein labrador vart eg berre kalla «guten med hunden». Heilt sidan eg var 10 år har eg vore fascinert av dette dyret sitt potensial. Sidan den gong har alltid visst kva eg ville bli, seier politihundeførar Bjørn, som bur i Nordhordland. Schæferen hans, to år gamle Møllers Cooper er ein av fem kriminalsøkshundar i heile Norge, og er den einaste som tillegg er patruljehund. På grunn av sin breie kompetanse og imponerande kunnskap vert dei to, i tillegg til å jobba i Hordaland, tilkalla til politisaker i heile Norge. Bjørn og Cooper har vore med på søk og etterforsking i mange kjende saker, mellom anna reise dei til Oslo 22. juli 2011 for å delta i søk etter menneske i regjeringskvartalet. Alle som kjenner Bjørn veit at han brenn for jobben, og at han aldri gjer noko halvhjarta.

LES OGSÅ: – Kanskje politi?


Bjørn Rolland tar kommando, og organiserer søk etter ein sakna mann på Ulriken. Foto: Irene Bratteng Jenssen 

– Ein kan vel seia at eg er i overkant interessert i jobben min. Det ligg tallause timer med trening bak ein så dyktig hund og dens prestasjonar. Mitt mål er at Cooper heila tida skal væra på topp og godt kvalifisert i jobben, og då er det viktig at forholdet mellom oss er bra. For å få gode resultat, må hund og førar kjenna kvarandre godt og stadig øva på ulike søk. Vi er eit team, og er avhengig av kvarandre kvar dag. Kvar gong Cooper ser at eg tar på meg uniforma, hoppar han av glede, og forstår at han skal på vakt. Eg er heldig som har ein venn, som alltid er like klar og glad for å gå på jobb. Hans humør smittar over på meg.

Klokka er halv tolv, og ute er det bekmørkt og kaldt. Patruljebilen køyrer over eit gruslagt underlag, og det smatrar under dekka. Dei parkerer på nedsida av Ulriksfjellet, kor innsatsleiaren allereie ventar. Bjørn opnar bakluka, og slepp ut Cooper, som lograr og kvin, klar for alt som kan møta han. Bjørn finn fram kart, GPS og hovudlykt og førebur seg på leiteaksjon i eit ulent og farleg terreng. Medan kveld vert til natt, og små, lette regndropar gjer lufta klar og fuktig tar Bjørn, Cooper og makker Christoffer seg opp Ulrikens bratte fjellstigning.

LES OGSÅ: Rekordmange vil bli politi

 
Bjørn Rolland førebur seg på leiteaksjon i eit ulent og farleg terreng. Foto: Irene Bratteng Jenssen

Ein og ein halv time seinare er dei tilbake der dei starta. Dei fann mannen som sat fast i fjellet, og Cooper fekk verkeleg vist kva han er god for.

– Slike saker er utruleg bra for hunden. Det er viktig og nødvendig at han får øvd seg, og han beviser gang på gang at han kan det han driv med, seier Bjørn.

Som kriminalsøkshund er Cooper spesialtrent til å lokalisera og markera lik, blod og sæd. Han bistår difor ofte i grove valdsforbrytelsar som drap og valdtekt.

– Hunden er eit viktig reiskap til å finna spor og bevis i slike saker. Kjensla av å bety noko for andre gjer meg mykje. Det viktigaste for oss er å kunne vera med på å redda liv, men det er også viktig å finna personar som er omkomne.

LES OGSÅ: Politiet skal framleis bere våpen


To personar vert pågripe etter at Cooper gjekk spor frå åstaden. Foto: Irene Bratteng Jenssen

Bjørn gjev Cooper ein fortent klapp, og rufsar følgjesvenen sin i pelsen.

– Eg og Cooper har eit nært forhold, han er ikkje berre ein kollega, men også ein kompis. Han har også vorte ein stor del av familien, og er med på alt vi gjer. Mine to søner er spesielt glad i hunden, og vil helst vera saman med han heile tida. 

Men Bjørn legg ikkje skjul på at jobben som hundeførar kan vera krevjande. Telefonen er på døgnet rundt, og han har fleire gonger måtte reist heim frå hytteturar eller feriar. 

– Eg er evig takknemleg for at eg har ein så tolmodig kone, utan hadde eg ikkje kunne driva på med dette. 

Kvar dag, fleire timer i veka bruker Bjørn fritida si på å trena opp Cooper, gjera han enda meir skjerpa og klar for nye utfordringar. Bjørn har jobba som politi i 19 år, 16 av dei som hundeførar. 

– Å behandle alle med respekt er noko av det viktigaste eg gjer som tenestemann. Nokre av dei vi møter på vert kanskje ikkje respektert av nokre andre i samfunnet, og då skal i alle fall eg respektera dei. Som politi skal ein ikkje skilja på menneske, verken fattig eller rik. Å yta ein best mogleg jobb er eit mål eg har for kvar einaste dag. Vi i hundepatruljen står på og gjer det beste vi kan kvar einaste dag på jobb. Eg er audmjuk og stolt over å vera ein del av politihundepatruljen i Hordaland.

LES OGSÅ: Semje om kraftige politikutt


– Det viktigaste for oss er å kunne vera med på å redda liv, men det er også viktig å finna personar som er omkomne, seier Bjørn Rolland. Foto: Irene Bratteng Jenssen

Bjørn pustar djupt inn, og set seg betre til rette i bilsetet. Han fiskar opp eit drops frå ein pose med «tyrkisk pepar», og hiv det inn i munnen. På sambandet kjem det stadig inn nye meldingar. Denne natta er til saman ti patruljer spreitt rundt om kring i Bergen for å gjera byen trygg. Cooper er den einaste patruljehunden på vakt. Bjørn legg ikkje skjul på at han synest dei travle vaktene er mest givande.

– Eg håper jo eigentleg ikkje at det skjer noko, men om noko først skal skje, håper eg at eg er på jobb akkurat då.

– Viktor 3–0. To personar har vorte observert på det avsperra området til BIR. Mogleg innbrot. Sirena og blålysa vert igjen aktivert, og patruljebilen set opp farta. Bjørn held seg roleg og skjerpa. Han kan aldri vita kva som møter han på vakt. Ingen dag er lik. Han og Cooper må alltid vera førebudd på det som kan møta dei. Medan bilen køyrer i stor fart gjennom Fløyfjellstunnelen, gjer Bjørn seg klar til nok eit oppdrag på vekas siste nattevakt. Framme ved BIR finn Bjørn fram ei lykt han plasserer rundt hovudet, før han strammar den skotsikre vesten. Han og Cooper forsvinn under eit avsperra gjerde, og inn den mørke og kalde nattelufta – klar for nye utfordringar.


Bitetrening må til, sjølv om det er svært sjeldan dei får bruk for det. – Det er likevel nødvendig å øva, seier Bjørn. Foto: Irene Bratteng Jenssen