Nynorsking på skeive

Hen er korkje han eller ho og kallar seg sjølv «skeiv nynorsking», for transitivt kjønn og retronynorsk står hjarta hens nær. «Hen er eit artig ord og skader då ikkje norsk på noko vis», seier filologen Fridtun.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Intervjuet vart fyrst publisert i Språknytt.

Fridtun er ein ihuga forkjempar for både transparent kjønnsspråk og skikkeleg nynorsk. Det er ikkje underleg når ein veit at hen har kome ut av skåpet som både homo og nynorskskribent – utan at skåpa heng heilt i hop for det.

Fridtun er soleis sjølve ikjøtinga av nyordet hen. Og elverumsingen er eit levande prov på at ein som er oppvaksen med bokmål ikring seg, kan lata seg freista av Ivar Aasens livsverk seinare i livet.

Dette krev ei oppklåring – for høvet på ekte Fridtun-norsk og i all aktsemd og blygsemd, av di ord på –semd er blant yndlingane hens.

Andlet til skeivskapen
På nettstaden til frilansar Fridtun står det at hen er forfattar, filolog, skeiv, nynorsking, kåsør, føredragshaldar med meir.

– Det er eit viktig poeng for meg å visa kven eg er, òg i arbeidet mitt. Det finst menneske av alle slag, både skeive og streite, og alt i tenåra opplevde eg det som meiningsfullt å vera ein av dei synlege skeivingane, seier Fridtun.

– Eg veit at det å vera transperson kan stela litt av merksemda frå dei sakene eg skriv om, men det går ofte i kvarandre uansett, for eg er både forfattar og aktivist. Og eg veit at folk gjerne vil vita om personlege ting, om kor landet ligg. So eg opplyser dei med glede om kor vanskeleg omgrepet identitet kan vera.

– Det er ikkje slik at eg oppsøkjer minoritetar og motstraumar med vilje eller prøver å vera spesiell, men eg må vedgå at det å vera i mindretal tiltrekkjer meg.

LES OGSÅ: Følg Ola Haldor ut av skåpet

So var det hen att
Hen er openbert av det tiltalande slaget, for det er ikkje fyrste gong Fridtun ytrar seg om den språklege nyvinninga. Pronomenet hen er på den eine sida føreslege som eit kjønnsnøytralt alternativ til «han eller ho» og «vedkomande» og på den andre sida som eit kjønnsoverskridande ord for transpersonar og andre som ikkje ynskjer å bli omtala som han eller ho.

Fridtun forsikrar at hen ikkje er lei av å verta kopla til den sistnemnde tydinga, for det skjer ikkje kvar dag at me får nye element i språket som ikkje er tilfeldige.

Korleis er stoda for dette mykje omtala ordet?

– I det skeive miljøet er hen ein del i bruk. Når folk der seier «Hen kjem etterpå», er det ingen som lyfter eit augnebryn. So finn me motsetnaden i dei som trur at dei no vert nekta å bruka han og ho. Men dei må tru om att. Når noko er nytt og kanskje litt rart, vil det alltid vera dei som reagerer negativt og misforstår. Og det viser at me nok kom litt skeivt ut i byrjinga, meiner Fridtun.

Hen blomstrar ikkje akkurat i skrift heller. Men når ein ser hen på trykk, er det framleis mange som legg ekstra merke til ordet.

Hen nemner at hen oftast dukkar opp i aviser som Klassekampen, særleg i gjesteinnlegg. Og hen la nøgd merke til at Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, der hen er medlem, har fornya delar av regelverket sitt og der teke i bruk kjønnsnøytralt hen.

– Ein gong eg vart intervjua av ein journalist i Dagen, stod han fast på å bruka «ho» om meg. Det verka som det var eit politisk val i redaksjonen. «Nei, det vil eg ikkje», kunne eg ha sagt, men eg valde å vera bøyeleg og få snike inn litt kunnskap til dei som ikkje veit så mykje om desse nye orda, og då var det like greitt at det vart eit poeng ut av språkvalet i avisa, fortel Fridtun.

– Og det er berre fint at folk spør meg om korleis dei skal omtala meg. Då svarer eg at det er artigast med hen.

Kor går det hen?
– Eg reknar med at hen sakte, men sikkert vil jobba seg inn i språket. Og eg vonar at det vil festa seg so pass at det kjem inn i norske ordbøker. Men bruken av hen om transpersonar er eigentleg meir eit spørsmål om folkeskikk enn filologi. Ein må respektera korleis folk sjølv ynskjer å verta omtala, slik tilfellet ein gong var med til dømes neger og sigøynar. Eg synest me må strekkja oss langt for å koma folk i møte, oppmodar Fridtun.

Kva seier du om ordsamanfallet mellom det nøytrale og det kjønnsoverskridande hen?

– Dei lærde stridest om det spørsmålet. Det er dei som meiner at det radikale, kjønnsoverskridande potensialet til hen vert svekt av at ordet òg fungerer som eit nøytralt ord à la vedkomande. Eg trur at dei to tydingane kan leva godt side om side.

– Dei fleste tilhengjarane av hen om transpersonar fornektar ikkje biologien. Det er eit faktum at menneske reproduserer seg seksuelt, og at me har ulike kroppar. Språket kan ikkje endra det. Men korleis me tenkjer om kjønn, kan verta farga av det språket me har. Språket er seigt og heng ofte etter i utviklinga, og det favoriserer det mannlege, til dømes når me brukar hankjønnsartikkelen ein om folk generelt («ein skal ikkje tru»). Eg meiner at me må gjera språket meir kvinne- og transvenleg, og at det er for lettvint å seia at språket må vera slik og slik fordi det «alltid» har vore slik.

LES OGSÅ: Kjønnspøbelen Fridtun

I Aasens ånd
Fridtun har sjølv teke eit anna språkleg oppgjer ved å skifta skriftspråk frå bokmål til nynorsk.

Kvifor vart du så glad i nynorsk?

– Vel, eg er glad i språk i det heile og har lett for å læra språk. Familien min og eg har alltid tykt at nynorsk er ok, og eg har ikkje hatt lærarar som har vore negative til nynorsk, slik somme diverre har røynt. Det har mykje å seia.

– Då eg byrja å studera nordisk i Trondheim for ti år sidan, skipa studentmållaget til gratis nynorskkurs med Ingar Arnøy. Eg tykte det var lurt å få friska opp grammatikken før eksamen. Han bruka dei fyrste tre kvartera på å forklåra kva nynorsk er, og viste korleis Aasen bygde opp landsmålet ved systematisk å samla inn dialektord frå heile landet. Eg skjønte då at nynorsk ikkje berre var for vestlendingar, og at det ikkje akkurat var raska saman.

– Det gjekk eit ljos opp for meg i den augneblinken: Kvifor hadde eg ikkje visst dette før? Eg kjende meg nesten snytt. Eg vart nynorskbrukar på flekken.

Fridtun kasta seg rundt og gjekk systematisk til verks. Hen skaffa seg Aasens grammatikk og ordbok og byrja å studera nynorsk på eiga hand på kveldstid.

– Eg hadde ei bratt læringskurve og lærte nynorsk litt som ein lærer seg eit framandspråk. Eg las mykje gamal nynorsk, for eg skulle då gjera det skikkeleg, tenkte eg. Stod eg fast, spurde eg meg kva Aasen ville ha gjort. Hjå Aasen fann eg system og orden, og det var lettare å fylgja det. Eg ville skriva ein nynorsk som står på sin eigen grunn. Direkte samsvar med mi eiga dialekt var og er mindre viktig.

– Når eg av og til vel å skriva bokmål i dag, er det snodig kor mykje vanskelegare det er å finna den rette rytmen og dei rette bøyingane. Det er som eg ikkje kjenner meg att i mi eiga skrift.

Retronynorsk
Fridtun fortel at hen framleis får pepar for å skriva det ein kan kalla retronynorsk.

– Ein bokmeldar skreiv i fjor at språket mitt var så radikalt arkaisk at ho vart sliten mellom «irritasjon og fascinasjon». Det er morosamt at ho kalla det «radikalt arkaisk», for eg skriv faktisk heilt innanfor rettskrivinga frå 2012, det vil seia moderne nynorsk, tru det eller ei. Men straks ein brukar former som skil seg ein del frå bokmål, er det alltid dei som legg mothugen til, humrar hen.

Retro eller ei, Fridtun har for lengst hausta lovord for kursa hen held om nynorsk. YouTube-undervisninga er stadig populær – med ein og annan syrleg merknad i kommentarfeltet: «Hvem i helvete gidder å høre på en fyr som snakker om nynorsk!» Ytterpunktet kjem i form av fanbrev.

– Ein dag på bussen var det ei jente som prikka meg på aksla og gav meg ein lapp med desse varmande orda: «Tusen takk for hjelpen, Nynorsk-Kristin. Det er lett å følge med på dine YouTube-timer.»

Kjærleiken
Filologen er eit sant språkmenneske og ein ihuga ordbokbrukar. Blant hjarteborna er tolvbandsverket Norsk Ordbok og Ivar Aasens Norsk Maalbunad, som alltid gjev hen gode idear – mellom anna når hen skriv språkspalta i Dag og Tid. Hen er ikkje leksikograf sjølv, men er fasinert av tanken om å samla ord og forklåringar mellom to permar.

– Eg vel gjerne ord som ikkje er heilt standard, og då slår eg mykje opp i mine kjære ordbøker. Folk seier jo ofte at nynorsk har so mange fine ord, men når eg tek somme av dei i bruk, får eg samstundes kritikk for at dei er for sære. Eg står no på mitt og luftar dei orda eg tykkjer best om. Og til dei som trur at dei er utlærte og difor ikkje treng ordbøker: Det er ikkje lurt, seier Fridtun, og røper at kjærleiken til språk òg fylgjer hen på heimebane.

– Eg er gift med ein norsklærar frå Voss, so for moro skuld tek me ord frå dialektene til kvarandre og blandar dei med gamal dansk og islandsk og kokar i hop vårt særeigne språk. Om 30 år har me sikkert ingen normale ord att i heimen. Det er ulempa med å leika med orda og vera so innmari språkmedviten, smiler Fridtun – med namn Kristin.

LES OGSÅ: Språkgledepris til Kristin Fridtun

Faktaboks

Kristin Fridtun er filolog, forfattar og føredragshaldar.

Hen skal snakka om kjønn og språk på Språkdagen 16. november, mellom anna om «familiemødrer» og «karrieremenn».