Nynorskelevar presterer betre

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

At elevane i Sogn og Fjordane gjer det så godt på nasjonale prøvar har i ei årrekkje vorte sett på som eit paradoks som gjerne vert knytta til nynorsken.

Forskingsprosjektet «Lærande regionar» har teke for seg nasjonale prøvar i rekning, lesing og engelsk for fire årskull med åttandeklassingar og kopla resultata til målform, melder Forsking.no.

LES OGSÅ: Flinkare på skulen med nynorsk

– Massivt eksponert for bokmål
Elevane i dei høgt utdanna fylka Oslo og Akershus gjer det best på nasjonale prøvar. Foreldra sitt utdanningsnivå, inntekt, kvinneleg yrkesaktivitet og skilsmisserate speler inn på kor godt borna gjer det på skulen.

Men resultata i studien syner heilt klart at elevar i nynorskkommunar gjer det betre på prøvane enn forskarane forventa utifrå faktorar som foreldra sitt utdanningsnivå og løn.

Språkforskar Universitetet i Tromsø Øystein A. Vangsnes trur at tospråksperspektivet kan vere ein faktor.

– Strengt tatt kan me ikkje påstå at det er nynorsken i seg sjølv som er forklaringa, men det kan absolutt vere det i eit tospråksperspektiv. Nynorskelevar blir så massivt eksponert for bokmål at dei i grunn lærer det samstundes som dei lærer nynorsk. Det motsette er i liten grad tilfelle for bokmålselevar, forklarar Vangsnes til Forsking.no.

LES OGSÅ: – Smartare av nynorsk

Optimisme og lærarautoritet
Forskarane er likevel forsiktige med å gje nynorsken åleine æra for Sogn og Fjordane-paradokset.

Andre faktorar, som læraren sin autoritet og elevane sin sjølvsikkerheit, vert trekt fram som moglege forklaringar på skulesuksessen i Sogn og Fjordane.

Elevane i trivselsfylket var nemleg dei som var klart mest optimistiske når dei vart spurt om kva forventningar dei hadde i forkant av prøven.

LES OGSÅ: Tospråklege er flinkare til å fokusere