Nynorsk-misnøye i Høgre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I utkastet til Høgre-program for neste stortingsperiode går komiteen inn for at det skal vere valfritt skriftleg sidemål både på ungdomsskulen og vidaregåande.

I tillegg vil partiet gje byråkratar som i dag må svare på brev med same målform som avsendaren nyttar, moglegheit til sjølv å velje målform.

– Tåpeleg
TV-kjendis og vossing Arne Hjeltnes, som sit i sentralstyret til Høgre, meiner nynorsksaka langt frå er ei vinnarsak for partiet.

– Det er tåpeleg at folk står så hardt på dette. Det er utrulege mange viktigare saker Høgre bør jobbe for. Når alt det andre er ordna, kan vi heller diskutere denne saka, seier Hjeltnes til Aftenposten.

Leiar av Hordaland Høgre Liv Kari Eskeland deler oppfatninga til Hjeltnes.

LES OGSÅ: Mobiliserer mot endring av mållova

– Vi vil tape noko av kulturen vår om vi svekkjer det nynorske målet, seier Eskeland, som også er ordførar på Stord.

Programkomitéleiar og nestleiar Bent Høie meiner ein tek best vare på begge målformer gjennom valfridom.

– Vi meiner at det blir best teke vare på ved at ein får hovudvekta av undervisninga på den målforma som ein sjølv har valt. Ein skal jobbe med tekstar på sidemålet, men ikkje ta eksamen, seier Høie.

QUIZ: Kva veit du om Høgre?

– Angrep på Vestlandet
Fylkestingsmedlem for Høgre i Hordaland, Peder Sjo Slettebø, hevdar at nynorskforslaget kan oppfattast som eit angrep på den vestlandske identitetskjensla.

– Det vil vere vanskeleg for fleire lokalpolitikarar på Vestlandet å forsvare denne politikken om det blir vedteke.

Liv Kari Eskeland seier at ho vil ta opp saka på landsmøtet i mai. (©NPK)