Ny rapport: – Ingen har ansvar for forsvunne barn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

625 barn har forsvunne

625 einslege mindreårige asylsøkarar forsvann frå omsorgssenter og asylmottak i Noreg mellom 2008 og juni 2015.

Av dei blei 40 prosent borte i løpet av første månaden etter at dei søkte vern, viser ein ny rapport frå by- og regionforskingsinstituttet NIBR.

Det viktigaste funnet er at det ikkje er nokon, korkje institusjon eller einskildperson, som har ansvar for den mindreårige asylsøkaren når han eller ho har forsvunne frå mottaket.

I 2016 forsvann 182 ungdommar frå mottaka.

Mange tilrådingar
Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet, og forskarane kjem med mange tilrådingar:

1. Ordninga med mellombels opphald må avviklast.
2. Lokale rutinar for å førebyggja forsvinningar og tiltak når nokon forsvinn må betrast.
3. Spesialmottak for risikoutsette barn bør opprettast.
4. Tilgang til psykisk helsevern i mottaka må bli betre.

BILDESERIE: Håp, glede og sorg på mottaket

Fleire sjølvmordsforsøk
Forskarane fortel at fleire av ungdommane slit med dårleg psykisk helse, og at det er behov for eit betre omsorgstilbod og tilgang på psykisk helsehjelp.

– Me kjenner til at det den seinare tida har vore fleire sjølvmordsforsøk i mottak for einslege mindreårige asylsøkarar, seier fagsjef i UDI, Edle Grønningsæter Pallum, til ABC Nyheter.

I tillegg er det rapportert om fleire tilfelle av sjølvskading.

LES OGSÅ: Varslar om prostitusjon blant asylbarn

Regjeringa: – Ikkje aktuelt
Justis- og beredskapsdepartementet skal no gå gjennom rapporten, men dei avslår allereie to av dei viktigaste tilrådingane.

Dei ønskjer ikkje å fjerna mellombels opphald eller la barnevernet få ansvaret for alle under 18 år.

– Det er ikkje aktuelt. Me står på dei mellombelse løyva for dei over 16 som ikkje har eit vernebehov og der me ikkje finn omsorgspersonar i heimlandet. Det er to viktige moment knytt til det. Det eine er at asylinstituttet er for dei som har vernebehov, og viss dei ikkje har det så skal dei jo sendast tilbake. Det andre er signaleffekten – ein skal ikkje senda born på ein farefull ferd over heile Europa for å få vern, seier Torkil Åmland (Frp), til Framtida.no.

Han seier vidare at regjeringa vil følgja opp tydeleg saman med UDI for å sørgja for at ein har eit best mogleg system for å hindra at unge forsvinn.

Ordninga med mellombels opphald har fått sterk kritikk frå 34 organisasjonar.

LES OGSÅ: Manglar statistikk over dødsårsaker ved asylmottak