Norske milliardar til “oljemyggar”

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Milliardar til "oljemyggar"

Titalls milliardar har gått til å dekkje underskot i utanlandske oljeselskap, som berre har små filiar i Noreg.

Det kjem fram i rapporten «Oljeskatten i energiomstillingens tid: På tide med innstramminger?», som Norsk klimastiftelse lanserte i dag tidleg. Stiftelsen har gått gjennom skattelistene frå  oljeskattekontoret dei siste ti åra.

Historikaren Helge Ryggvik seier i eit intervju i rapporten at unødvendig mykje av overskotet frå oljeverksemda har hamna på utanlandske hender, som følgje av det han kallar eit for raust oljeskattregime.

Fekk langt fleire til å leite
Det er dyrt å leite etter olje i norske farvatn, og vanskeleg å finansiere. Det er ikkje sikkert at ein finn noko. Leiterefusjonsordninga sikrar at aktørar som leiter etter olje kan få dekkja 78 prosent av utgiftene, til dei kjem i posisjon til å kunne skatte, skriv Norsk klimastiftelse i rapporten.

Statsstøtta vart innført av Bondevik II-regjeringa i 2005, for å stimulere til meir leiting og aktivitet på sokkelen. Ordninga gjer at selskap kan få att utgifter til samling av data, seismologiske og geofysiske undersøkingar, boring av brønnar, administrasjonskostnadar, løn, såkalla fellesutgifter og andre direkte kostnadar kunne reknast som leiteutgifter.

LES OGSÅ: Smeltande polar tippar kloden

Leiterefusjonsordninga fekk aktiviteten på norsk sokkel til å stige fort og mykje. Medan det i 2005 vart bora kring 10 leitebrønnar, vart det i 2014 påbyrja 59 leitebrønnar, ifølgje Norsk klimastiftelse.

Har fått millionar utan å betale skatt
Gjennomgangen Norsk klimastiftelse har gjort syner at både norske og utanlandske oljeselskap har fått utbetalt milliardar i leiterefusjon, utan å nokon gong betale ei krone i skatt.

Samanstillinga syner kva selskap som har fått leiterefusjon sidan 2005 og kva for selskap som har byrja betale skatt. Selskap som har fått refusjonspengar og sidan kjem i posisjon til å skatte, har allereie «brukt opp» fråtrekket, forklarar prosjektleiar Anne Jortveit i rapporten.

– Men ikkje alle betalar tilbake. Nokre har lett etter olje på norsk sokkel i opptil ti år utan å finne kommersiell utvinnbar olje. Det gjeld også små filialar av utanlandske oljeselskap, som har kunne etablere seg i Noreg og få dekkja mesteparten av sine leiteutgifter av den norske stat, skriv Jortveit.

Sjå døme på selskap som har fått statstøtte og ikkje betalt skatt i rapporten.

Ryggvik seier i rapporten at det å komme i posisjon til å få leiterefusjon har blitt ein forretningsmodell i seg sjølv. Fleire selskap som ikkje har funne olje eller gass av særleg betydning, har motteke milliardbeløp i statleg støtte. Selskapa har operert med høge lønningar og bonusar, utan at dei tener noko. Særleg leiarar har teke ut høge lønningar, og mange hadde også eigardelar, fortel Ryggvik som meiner ordninga har gått ut på dato.

LES OGSÅ: Veit ikkje kor mykje kol Kina bruker