Nora og William på namnetoppen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På namnetoppen i 2016

– William var det absolutte toppnamnet i 2015, og den merksemda «årets navn» får, plar å dempe iveren litt, seier Jørgen Ouren, spesialrådgjevar i Statistisk Sentralbyrå (SSB) i ei pressemelding.

William er ein engelsk variant av Wilhelm, som betyr «vilje» pluss «hjelm». Namnet har auka jamt og trutt sidan 1980, før det nådde ein topp i 2015.

William klatra frå vidare frå 1,49 prosent i 2015 til 1,61 prosent i fjor.

498 gutar fekk namnet William i 2016. Aller mest populært var namnet i Bærum.

LES OGSÅ: Mohamed og Nguyen inn i namneleksikon

Finske Noora
I fjor måtte toppnamnet Emma sjå seg slått av ulike variantar av Nora.

Nora har vore på topp ti-lista sidan år 2000, men auka plutseleg frå 1,50 prosent i 2015 til 1,89 prosent i 2016. Tilsaman fekk 551 nyfødde namnet Nora i 2016.

Ifølgje Ouren er det uvanleg at toppnamn gjer like store hopp.

– Me må tilbake til Emma i 2003 for å finna noko liknande, seier Ouren, som har ansvar for namnestatistikken.

Tidleg på 2000-talet fekk tv-serien «Friends» æra for at namnet Emma fekk ein oppsving og Harry Potter-skodespelar Emma Watson kan ha bidrege til å halda namnet populært.

No er det høgst sannsynleg at «Skam» har noko med saka å gjere.

– Når eg går gjennom listene ser eg det er påfallande kva namn som kan knyttast til tv-seriar. Eg ønskjer ikkje å spekulere, men det kan vere nærliggjande å tru at dette har noko med TV-seriens popularitet å gjere, seier Ouren til NRK.no.

Nora, som er ei kortform av Eleonore, dukka først opp i kjølvatnet av Ibsen-skuespillet «Et dukkehjem» (1879). Namnet var lite brukt mellom 1940 og 1980, men har fått ein oppsving og er det tredje mest brukte jentenavnet etter årtusenskiftet.

«Skam»-Noora har to o-ar i namnet sitt. Det er ein finsk versjon av namnet. I 2016 fekk seks personar namnet Noora, mot berre to i 2015.

LES OGSÅ: No kan islandske jenter heite Angelina

Eva, Even, Isak og Jonas
Eva, som var namnet på hovudpersonen i første sesong av «Skam», aukar òg i popularitet.

Even har vore populært sidan 1995,  men gjorde eit signifikant hopp i 2015 og 2016.

Både Jonas og Isak har vore populære i nyare tid, men synkjer på listene.

Faktaboks

Jentenamn:

1. Nora/Norah/Noora 

2. Emma 

3. Sara/Sarah/Zara 

4. Sofie/Sophie 

5. Sofia/Sophia 

6. Maja/Maia/Maya 

7. Olivia 

8. Ella 

9. Ingrid/Ingerid/Ingri 

10. Emilie

Gutenamn:

1. William 

2. Oskar/Oscar 

3. Lucas/Lucas 

4. Mathias/Matias 

5. Filip

6. Oliver 

7. Jakob/Jacob 

8. Emil 

9. Noah/Noa 

10. Aksel/Axel

Kjelde: SSB