i samarbeid med ABC Startsida
Tema: Lokalvalet 2011, Arbeidarpartiet
Espen Andre Kristiansen (Ap) fekk til og med støtte av Pensjonistpartiet.
Svein Olav B. Langåker
torsdag 15. september 2011 13.55
Espen Andre Kristiansen (Ap) fekk helsa på justisminister Knut Storberget på landsmøtet til Arbeidarpartiet i vår. FOTO: Flickr/Ap
Med sine 25 år blir den nye Åmot-ordføraren landets yngste. Men han er ikkje uerfaren. Han byrja i ungdomsrådet i Åmot, gjekk vidare til Ungdommens fylkesting i Hedmark og har sete ein periode i kommunestyret før.
– Eg håpar ein kan koma vekk frå den aldersgreia, og heller snakka om politikken og det som er viktig, seier han til NRK Hedmark og Oppland.
I Sogn og Fjordane er det òg ein 25-åring som blir ordførar. Ole Gunnar Krakhellen (H) tek over ordførarkjedet i Solund. Sidan han var 16 år har han vore politisk aktiv, først i Ungdomsrådet i 2002 og seinast dei siste fire åra har han vore på Fylkestinget for Høgre, melder NRK Sogn og Fjordane.
QUIZ: Kva veit du om lokaldemokratiet?
Sjå video-innslag frå NRK under: