Nasjonaldag i motvind

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik er det også med 17. mai. Det er fullt mulig å unngå 17. mai. Du må berre leite litt. Men viss du er lei av pølser, korps og store folkemengder, så lar det seg gjere å finne ei alternativ fering, slik at du i staden kan tilbringe nasjonaldagen saman med store folkemengder som er lei av store folkemengder.

Eg har vore gjennom Internett, og funne fram til ein heil del av dei alternative tilboda som finst i norske bygder og byar på 17. mai. Her er nokre høgdepunkt:

Bunadfri sone på uteplassen «Huset». Dj Hoppestokk skaper stor stemning inne. «Stygg Bunad», «Feit Ost», «Tøff Truse» og «Spis eller dø» speler i bakgården. Alle er velkomne. Ingen russedressar.

Alternativ feiring på uteplassen «Uteplassen» og i bakgården «Bakgården». Bandet «Band» speler i kjellarpuben «Kjellarpuben». Alle er velkomne. Ingen bunadar.

Gammal nasjonaldag. Lei av den moderne 17. mai-feiringa? Vi møtest på samfunnshuset og ser på bilde frå 17. mai i gamle dagar. Gardinene vil bli trekte for. Veggane er godt isolerte. Det vil bli servert tynn svart kaffi og tørre kaker. Alle er velkomne. Ingen under sytti.
Inkluderande 17. mai i parken «Park». Servering av kyllingpølser og vegetarmat. Industriøl ikkje å få. Ubegripelige leikar for barna. Artistar du ikkje har høyrt om speler ganske høgt. «Tante Geir og Dei Sjuke Trillingane» avsluttar dagen. Alle er velkomne. Ingen som stemmer Frp, Høgre eller Arbeidarpartiet. Eller Kristelig Folkeparti. Venstre er også i grenseland.

Innadvendt 17. mai på «Grus». Nokre av våre beste unge singer-songwriters syng lågt på engelsk i kjellaren. Og for ein lineup! Nokre av artistane er Tone Dal, Lise, Siri Hansen, Jonas Nilsen, Thea, Mia, Mia Thea, Thea Mia, Bøffe, Thea Mia Lise, Mia Lisa Thea Nilsen, Geir og Jacob Pedersen. Høgdepunktet for mange blir nok Vibeke, som framfører favorittar frå sitt kritikarroste debutalbum «I swim and I reach for the sky but I am wet so what am I to do?». Alle er velkomne. Ingen som snakkar høgt.
Svart nasjonaldag. Alle er velkomne. Helst ingen glade folk.

Heilt vanlig dag. Hos oss på «Hos oss» latar vi som om 17. mai ikkje finst. Vi kallar arrangementet vårt for «Ikkje noko 17. mai-arrangement». I restauranten «Mat» får du den same maten som du får alle andre dagar. I Baren «Drikke» får du øl og sprit. Og i kafeen «Kaffi» får du kaffi. Alle er velkomne, så lenge dei latar som om dette er ein heilt vanlig dag.

Lei av å føle deg utanfor? Kvalm av den nasjonale feiringa? Sjuk av flosklar? Bli med på sur 17. mai på «Mørk». Ingen musikk. Lite folk. Dårlig stemning. Lunka drikke. Vi stenger nok ganske tidlig på grunn av dårlig oppmøte. Vel møtt!

Utlandet. I store deler av verda gjer ein ikkje noko poeng ut av 17. mai i det heile tatt. Kva med å feire 17. mai i eit land som ikkje veit kva 17. mai er? Alle er velkomne (med ulike unntak for ulike land).

17. mai på fjellet! Vi feirar nasjonaldagen med å gå frå hytte til hytte, vifte med flagg, drikke øl og høyre på talar. Altså akkurat det same som alle andre gjer, berre at vi gjer det i motvind i ulendt terreng. Alle er velkomne. Ingen som ikkje kler treningstøy.

Heime åleine! Alle vi som ikkje liker folk, møtest på Internett for å seie stygge ting som alle som liker folk. Alle er velkomne. Unntatt folk.

Gratulerer med dagen.


Stod først på trykk i Aftenposten 16. mai.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!